– Noreg kan konkurrera med Kina på solceller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan konkurrera med Kina

Artikkelen vart først publisert hos Porten.no

Ifølgje det Internasjonale Energibyrået (IAE) var verdas energiforbruk i 2007 på 16 000 GW og er venta å auka til over 22 000 GW i 2030. Samstundes er det ønskjeleg å redusera utsleppa av CO2, skriv Aftenposten.

Dette er godt nytt for solcellebedrifter som Norsun. Solceller laga av silisium vert ofte kalla arbeidshesten blant solceller og har ein marknadsdel på 90 prosent. På verdsbasis vert det produsert solceller som aldri før. 

LES OGSÅ: Frå bibel til solceller

Det er mange måtar å utnytta solenergi på, og ein av desse er silisium, som Noreg er blant verdas beste på. 

Prisen på solceller har gått ned sidan 1970-talet samstundes som kvaliteten har heva seg voldsomt. Stadig fleire brukar fornybar energi. I første kvartal i år stod fornybar energi for 27 prosent av elektrisitetsforbruket i Tyskland.

I Noreg produserer Norsun og Norwegian Crystals einkrystallar ved hjelp av  Czochralski-prosessen, der silisuimkrystallar vert trekt opp av ein smelte som held 1400 grader celsius. 

Solcellebransjen har som resten av Europa hatt det tøft gjennom finanskrisa. Overproduksjon, spesielt i Kina, gjorde at prisen på silisium stupte og fleire europeiske verksemder gjekk konkurs. 

LES OGSÅ: – Ikkje aktuelt å kutte i oljeproduksjonen

– I Noreg vert silisium produsert hovudsakleg av fornybare energikjelder, i motsetnad til Kina. Me har som ambisjon å gjera produksjonen meir effektiv og konkurransedyktig på pris. 

– Difor står SINTEF Material og Kjemi som leiar for to nye søknader som begge omhandlar silisium til EUs nye rammeprogram, skriv Birgit Ryningen i SINTEF.

– Saman med våre samarbeidspartnarar i Europa skal me gjera sluttproduktet, altså straumen til forbrukarane, billigare. Me vil laga solceller som kan masseproduserast med ein effektivitet på 24 prosent (moduleffektivitet: 22 prosent), og med ein kostnad på 3 eurocent per kilowatt-time innan 2018. Det er litt under 30 øre/kWh med dagens kurs.

– Til samanlikning ligg kostnaden i Sør-Tyskland i dag på 70 øre/kWh. Me vil også auka levetida til modulane frå 25 år til 40 år, og dette vil me gjera i Europa, avsluttar ho.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden