Facebook-aksjon for SUSS-telefonen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil redda SUSS-telefonen

SUSS-telefonen, ei 27 år gamal teneste der barn og unge kan stilla intime spørsmål, vart lagt ned 27. november i år. No jobbar mange hardt for å få tilbodet tilbake.

Ein av dei er Morten Kvello, som saman med Ellen Støkken Dahl står bak Facebook-kampanjen «Redd SUSS-telefonen». På kort tid har sida fått over 2500 tilhengjarar, og talet blir større.

Kvello og Dahl er medisinstudentar som tidlegare her jobba for SUSS-telefonen. No meiner dei tilbodet bør leva vidare. Morten Kvello understrekar at dei gjer det som privatpersonar, og snakkar ikkje på vegne av SUSS.

– At SUSS har eksistert så lenge viser at det endå er behov for det. Argumenta mot er for dårlege. Det er viktig å hugsa at SUSS er helsehjelp, ikkje helseinformasjon. Me gir råd til kvar enkelt basert på situasjonen og innan eit døgn, då er det ikkje rart det kostar litt meir, seier Kvello.

– Helsedirektoratet seier de har hatt ein nedgang på 60 prosent i kontakt. Stemmer det?

– Det blir litt feil. Det har vore ein nedgang over lengre tid, men dei tre siste åra har tala vore stabile. Det er eit teikn på at det endå er eit behov, seier Kvello.

– Nedgangen betyr berre at noko må endrast, og det har SUSS allereie gjort i fleire år, legg han til.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Vil skapa blest
Målet med kampanjen er i stor grad det dei allereie har gjort – å få merksemd rundt at SUSS-telefonen blir lagt ned, å skapa litt blest.

– Noko må me gjera, om ikkje anna enn for å få merksemd rundt det. Det er dumt om SUSS blir lagt ned utan at folk veit om det, seier Kvello.

No håpar han å få politikarane med i kampen. Med på laget er allereie Sosialistisk Ungdom (SU), og leiar Nicholas Wilkinson. Dei har fått saka opp til SV si Stortingsgruppe, men ikkje lenger.

– Me ønskjer den sjølvsagt tilbake, men me har ikkje fleirtal, og det er veljarane som styrer, seier Wilkinson.

Han meiner mykje av grunnen til at SUSS-telefonen blir lagt ned er regjeringa si innstilling. Han har tru på at tilbodet vil komma tilbake – dersom SV kjem i ein maktposisjon.

– Det er typisk for regjeringa, dei er konservative og redde for sex og seksualitet. Ein av SU sine hovudsaker er nettopp betre seksualundervising. For eit godt sexliv er viktig for eit godt liv, seier Wilkinson.

Han fortel at SU planlegg ein eigen kampanje om likestilling og seksualitet, som dei startar opp i 2016, etter valkampen neste haust. Wilkinson er klar på at han tykkjer SUSS-telefonen er viktig.

– Det handlar om kunnskap, som vil gi alle eit tryggare og betre sexliv. Men det er og ein trygg telefon for dei som slit med ting dei kanskje ikkje vil fortelja til alle, seier Wilkinson.

LES OGSÅ: Angrepille vert brukt som prevensjon

– For dyrt
I ein e-post til Framtida skriv avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i Helsedirektoratet at SUSS-telefonen har vore eit viktig supplement i arbeidet med å sikra ungdom i Noreg har lett tilgjengeleg informasjon og rettleiing om seksualitet, og at tilbodet har høg fagleg kvalitet.

– Helsedirektoratet vurderer likevel at tilbodet generelt har blitt ei mindre aktuell kjelde for informasjon og handlingskompetanse  for dei yngste ungdommane. Det geografiske nedslagsfeltet er og meir begrensa enn for 10 år sidan, SUSS gir svar til 1 prosent av ungdommane i landet i snitt, skriv Carlsen.

Vidare er argumentet for å legga ned SUSS-telefonen at prisen er for høg per svar, samanlikna med andre tenester som Klara Klok.

– Spørsmål- og svartenestene ved SUSS er dei dyraste og minst kosteffektive av dei nordiske tilboda det har vore mogleg å samanlikna med. Basert på brukartal samanlikna med total kostnad, kostar eit svar frå SUSS 353 kroner, medan eit besøk der alle kanalar er rekna med kostar rundt 46 kroner, skriv Carlsen.

LES OGSÅ: Vil gjera det lettare for ungdom å få prevensjon

Stort behov
Det er desse argumenta som ikkje er gode nok for Morten Kvello. Han meiner behovet for SUSS-telefonen framleis er stort.

– I ein rapport om ungdomshelse frå 2012 står det mellom anna at ungdom ikkje torer å gå til fastlegen fordi dei trur dei ikkje får hjelp. Samstundes er Helsestasjon for Ungdom eit godt tilbod, men dekninga er for dårleg. Kompetansen i Noreg er og for låg, og konsentrert om enkeltpersonar. Difor er SUSS eit godt alternativ å halda på, seier Kvello.

Han meiner og SUSS-telefonen var på god veg til å nå kravet om å bli meir kostnadseffektive.

– Ein måte å spara kostnadar på er å inngå samarbeid med ein anna organisasjon, for å spara på grunnutgifter som til dømes husleige. Det hadde me allereie gjort. Samstundes må ein vera klar over at ei slik teneste kostar litt, 5-6 millionar er ikkje mykje for å halda i gang eit kompetansesenter for ungdom, seier Kvello.

Han siktar til samarbeidet som vart innført med Amathea. Det var planlagd ein fusjon mellom dei to, og slik skulle SUSS-telefonen halda fram. Slik vart det ikkje.

LES OGSÅ: – Han har berre HIV