Politikarar frå fem parti har gått saman og danna ei vennegruppe for Vest-Sahara på Stortinget. Gruppa skal arbeide for retten til sjølvstyre i Vest-Sahara.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Folket i Vest-Sahara har rett til sjølvstyre, og den retten har vi alle plikt til å hjelpe til med å fremje. Tida er forbi for statar til å ta seg til rette utanfor sine eigne internasjonalt anerkjente grenser, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

LES OGSÅ: – Stans oljeleitinga utfor Vest-Sahara

Venstre-leiaren koordinerer gruppa saman med Åsmund Aukrust frå Arbeidarpartiet. Så langt har gruppa litt over ti medlemmer frå Venstre, Ap, SV, KrF og Høgre.

FN ser Vest-Sahara som eit ikkje-sjølvstyrt område. Marokko styrer delar av området, men ingen statar i verda støttar kravet deira på dette territoriet. Over 100 FN-revolusjonar strekar under at det saharawiske folket har rett til sjølvstyre, ifølgje Venstre.

LES OGSÅ: Rafto-stiftinga kasta ut av Vest-Sahara

– Det er opp til det saharawiske folket å få avgjere kva status territoriet skal ha. I vårt eige jubileumsår for den norske grunnlova er det viktig å minnast den støtta som vi har blitt vist når vår suverenitet og våre rettar har vorte sett under press, seier Aukrust. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE