– Meir sidemål fungerer betre enn fritak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Framstegspartiet i Stavanger som har teke initiativ til ei prøveordning for valfri skriftleg sidemålsundervisning i ungdomsskulen.

– No er det ei ny regjering og ein ny statsråd, som gjerne har litt andre tankar om dette. Vi har heile tida vore klare på at vi synest sidemål skal vere valfritt, seier FpU-formann Atle Simonsen til NRK.

Han trur valfritt sidemål vil syte for at elevane får betre karakter i hovudmålet samtidig som dei får betre haldningar til sidemålet.

– Det er resultatet ein har sett frå tidlegare undersøkingar, seier Simonsen til NRK.

Reagerer
Oslo kommune gjennomførte ei liknande prøveordning mellom 2004– 2007. Leiaren i Norsk Målungdom, Karl Peder Mork, peikar på at Framstegspartiet refererer til forsøka i Oslo og meiner dei ikkje kan ha lese heile rapporten frå forsøket.

– Bystyret kan ikkje slutte å lese rapporten midtvegs. Dei må få med seg konklusjonane òg. Der står det at det generelle karakternivået for elevane gjekk ned. Dessutan rapporterte elevane som framleis hadde sidemålsundervisning, at dei nesten ikkje fekk undervisning i det heile. Det spenner bein på grunnleggjande prinsipp om kontrollgrupper, seier Mork, som er skeptisk til truverdet ved forsøket.

– Sjå til andre forsøk
Mork ber stavangerpolitikarane sjå til andre sidemålsforsøk og ønskjer seg meir sidemål inn i skulen.

– Ved Stavanger Katedralskole har dei hatt forsøk med lærebøker på elevane sitt sidemål i andre fag i tillegg til norsk. Denne typen forsøk er prøvd ut fleire stader i landet på alle skuletrinn og gir dei resultata Simonsen er ute etter: betre kompetanse og betre haldningar, uttaler han.

Fleire søknader
Etter forsøket i hovudstaden er det – søknaden frå Stavanger inkludert – sendt inn 12 søknader om prøveordningar knytt til valfri sidemålsundervisning. Søknaden frå Stavanger kommune og ein frå Buskerud fylkeskommune er ikkje behandla enno, men alle dei andre har fått avslag. Her har det ikkje skjedd endringar etter regjeringsskiftet.

– Av det vi har behandla til no har vi kome til at vi ikkje har sett at det har vore behov for forsøk på dette området, i og med at vi allereie har hatt eit forsøk, seier Cathrine Børnes, direktør for juridisk avdeling i Utdanningsdirektoratet, til NRK. (©NPK)