Elevar utan lærarar i framtidas skule
Noreg vil mangle 23.000 lærarar i 2020.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Manglar 23.000 lærarar
I november kunne SSB (statistisk sentralbyrå) melde om at Noreg vil mangle 23.000 lærarar i 2020. Dette vil med andre ord seie at dei som vert fødd i år vil merke lærarmangelen i skulen allereie frå det fyrste året sitt på skulen.
Forskingssjef i SSB, Nils Martin Stølen, seier at dette talet på lærarmangel har blitt større fordi tala har blitt oppdatert etter korleis ungdom tilpassar seg utdanning. Observasjonane som har blitt gjort viser at færre unge tar lærarutdanning, og som ein konsekvens av dette vil gapet mellom etterspurnad og tilbod på lærarar auke.
Dei eldste framfor dei yngste
Bladet Utdanning publiserte i oktober ei kartlegging om studieplassar på dei ulike lærarutdanningane. Ein av seks studieplassar for 1.-7.trinn står tomme og lærarstudentane ynskjer å undervise dei eldste borna i grunnskulen framfor dei yngste. Leiar for Følgegruppen for lærerutdanningsreformen, Elaine Munthe, seier til Utdanning at ho trur at mange studentar vel 5-10.trinn fordi dei trur dei får meir valfridom i utdanningsløpet. Dersom ein har nok studiepoeng i faga på 1-7.trinn er det mogleg å undervise på eit høgare nivå. Den kompetansen dei som går 1-7.trinn på lærarutdanninga får gjennom studiet er unik og utruleg viktig for elevane. Ein treng dyktige lærarar på alle trinn i skulen, og jobben i dei lågaste trinna er ein utfordrande og fagleg jobb som krev stor innsikt i fag og elevar, samt kreativitet og nærleik.
Utanfor skulen
Det er over 40.000 ferdigutdanna lærarar som ikkje jobbar i skulen i dag. Dersom dei hadde kome tilbake til skulen hadde det ikkje vore lærarmangel. Men kvifor er det slik at ein går ei utdanning ein endar opp med å ikkje bruke i skulen? I VG i november kunne ein lese at mange som har lærarutdanning, men som jobbar i andre jobbar, meiner at løn er vesentleg for å kunne jobbe i yrket. Men viktigast er arbeidstida, bindinga til arbeidsplassen og å få drive med undervisning. Dette har Utdanningsforbundet hatt ein kamp med KS tidlegare i år, og vil nok halde fram vidare for å sikre gode arbeidsvilkår for både lærarar og komande lærarar.
Gode ambassadørar
Dersom det i 2020 vil mangle 23.000 lærarar i den norske skulen, bør fleire aktørar på bana. I den samanhengen vil eg oppmode de som går på lærarutdanningane i dag og dei som er ferdigutdanna om å vere gode ambassadørarar. Ambassadørar for framtidas skule. De som går på ei lærarutdanning i dag har høve til å påverka utdanning dykkar slik at den vert enno betre. De har høve til å nå ut til mange potensielle lærarstudentar dersom de nyttar nettverket dykkar. De har høve til å engasjere dykk i ein organisasjon som kjempar for å gjere lærarutdanningane betre og gjere overgangen til lærarlivet enklare. De har makt. Bruk den.
Først publisert i bladet Under Utdanning.