Sjølvaste julemånaden dedikerer Ubok til nynorskbøkene. Redaktøren meiner dei for ofte vert ståande i hylla.

mm
Faktaboks

Tre nynorske favorittar akkurat no:

«Arrfjes»av Terje Torkildsen

«Det som er sant»av Magnhild Bruheim

«Mitt bankande hjarte»av Alf Kjetil Walgermo

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er mange som har nynorsk som sidemål, som slit med å finne vegen fram til dei gode og lett tilgjengelege nynorskromanane, skriv Nina Aalstad, redaktør i Ubok på epost til Framtida.no.

Denne månaden set dei difor fokus på alle dei gode nynorskbøkene som finst for ungdom. Det er nynorsk desember på Ubok.no.

LES OGSÅ:– Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Fleire nynorskbøker
Det betyr at du kan lese intervju med den språkvekslande forfattaren Linn T. Sunne, få tips til korleis unngå dei vanlegaste nynorskfellene og finn ei nynorsk ønskjeliste til jul.

– Det er òg ein måte å trekkje fram bøker som ofte kan drukne litt i vrimmelen av ungdomslitteratur, utdjupar Aalstad.

Og det er ikkje rart at nynorskbøkene druknar litt i vrimmelen. Det kjem ut stadig fleire bøker retta spesielt mot barn- og unge.

Ifølgje SSB vart det i Noreg utgitt rundt 1810 titlar innanfor barne- og ungdomslitteratur i fjor.  Det er 144 fleire enn i 2012.

18 prosent av fjorårets barne- og ungdomsbøker innehaldt nynorsk. Etter nokre år med nedgang i nynorskutgjevingane, kom det ut nesten dobbelt så mange nynorskbøker i 2013 som året før. Talet steig då frå 183 utgjevingar til 335.

LES OGSÅ: Låner faretruande lite nynorsk

Stemorsbehandling
Aalstad meiner at alle ungdomsbøker fortener meir merksemd, men at nynorskbøkene har eit ekstra hinder.

– Det som er ekstra leitt er når eg møter formidlarar som tydeleg har resignert heilt og seier at: «Nei, den gidd eg ikkje seie noko om, for den er på nynorsk». Korleis skal lesarane får eit positivt inntrykk av nynorske bøker, om dei allereie blir stemoderleg behandla av dei som snakkar om bøkene? skriv Aalstad, som ynskjer seg at i større grad vert formidla heilt uavhengig av målform.

Denne månaden spør dei difor lesarane: «Har du verkeleg prøvd å lese ei skikkelig god bok – på nynorsk?»

Aalstad tør garantera at om dei les gode bøker på nynorsk vil dei gløyma at det liksom skal vere uvant, vanskeleg og utilgjengeleg.

– Nynorsk er vakkert, og du kan finne mange uttrykk som er vanskeleg å finne på bokmål, understrekar ho.

LES OGSÅ: Samtidas trollmenn

Nynorsk fantasy-suksess
Ubok-redaktøren trur ikkje det kjem som ei overrasking på nokon at det er ein del lesarar som styrer unna bøker som er på nynorsk. Ei vanleg oppfatting er at nynorsk er vanskeleg å lese.

– Når dei kjem over den kneika, så er ikkje nynorsk eit hinder lenger. Det eg ser er at det ofte kan vere lettare å vise fram nynorske fantasybøker enn andre nynorske bøker, då det er ein sjanger som har så iherdige fans at dei ofte les det dei vil – heilt uavhengig av språk, seier Aalstad.

Og leseentusiasten er ikkje i tvil om at alle norske ungdommar bør lese meir nynorsk.

– Mest av alt fordi det gjer rikdom til deira eige språk å lese variert litteratur, av ulike forfattarar med ulik skrivestil, og på ulike skriftspråk, avsluttar redaktøren. 

Les bokmeldingar av fleire ungdomsbøker her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE