Føler at skulen blir mobba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rektor ved Tveit skule og Nissedal ungdomsskule føler at skulen i Treungen blir mobba. I kommunestyret oppmoda leiaren til å jobbe saman for å få eit godt omdøme av skulen.

For nokre år tilbake kom skulen i Treungen i media i samband med elevmobbing. Då Utdanningsdirektoratet i haust offentleggjorde tal om mobbing på skulane i Noreg, viste det seg igjen å bli lite hyggjeleg lesing om tilstanden i Treungen.

– Det var leit med desse gamle tala som kom ut for perioden 2007–2012. Skulen i Treungen kom veldig dårleg ut på mobbing, og var femte dårlegaste i landet. Då tala kom, kjente ikkje elevane seg att, og me måtte samle dei for ein prat. Me snakka om at tala ikkje var ferske, og at det var leit å bli hengt ut som mobbeskule, sa Reidun Carol Retterholt, då kommunestyret for litt sidan blei orientert om arbeidet med det psykososiale miljøet ved skulane i Nissedal.

LES OGSÅ: Få barna ut i verda dei lærer om!

Jobba iherdig
Retterholt er rektor ved den tiårige skulen i Treungen.

– Då Fylkesmannen hadde tilsyn på skulen i Treungen i 2011, var det mykje avvik og lite var på plass. Ved eit oppfylgingstilsyn i 2012 var det noko som måtte betrast. Me jobbar i dag godt med det psykososiale miljøet ved Tveit skule, og kontrollutvalet har fylgd oss veldig tett, sa Retterholt.

Rådmann Sverre Sæter fylgde opp.

– Det har blitt jobba iherdig og målretta siste åra for å få eit godt skulemiljø i Nissedal kommune, sa han.

Eitt døme på det er at skulen i Treungen har fått hjelp av Utdanningsdirektoratet til ei ekstern vurdering. Rapporten derfrå konkluderer med høg grad av trivsel og lite mobbing blant dei elevane som blei intervjua på ulike trinn.

Framgangen i Treungen er også å sjå på siste elevundersøkinga. Den viser ein oversikt på kor mange elevar som for eitt år sidan meinte dei blei mobba to gonger eller meir i månaden. Tala fortel om god betring med tanke på då elevane gjekk i 7. klasse tre år tidlegare og resultatet no, som nesten ligg på landsgjennomsnittet. Førre haust si 7. klasse låg under landsgjennomsnittet i mobbing.

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Gode førebilde
Retterholt sa at om ein skal prøve å få bukt med mobbing i endå større grad enn ein gjer no, må det vere eit samfunnsengasjement for det. Vidare oppmoda ho politikarane om å vere gode førebilde, og ha støtte rundt alle tre skulane i kommunen.

– Eg føler at Tveit skule blir mobba. Det blir stadig skrive at dette er ein dårleg skule. Det gjer noko med lærarane og elevane som går der, og arbeidsmiljøet og læringsforholda. Eg ynskjer at me saman skal jobbe for eit godt omdøme. Me må bli ein kommune og ha eit fellesskap. Ikkje trykke ned ein skule for å byggje opp to andre, sa Retterholt.

– Det var klare ord. Eg er veldig glad skulen er inne i ein god trend slik me skuleeigarane ynskjer det skal gå, sa ordførar Halvor Homme (Ap).

– Det var eit godt innlegg, sa Frank E. Lien (Frp), med adresse rektoren.

– Er lærarane på Tveit skule kompetente, spurde han så.

– Me har veldig kompetente lærarar på Tveit skule, svara Retterholt.

Stein Skåli (Sp) sit i kontrollutvalet som har hatt både rådmannen og rektoren på besøk i samband med mobbing på skulen i Treungen.

– Rådmannen og rektoren har vore dønn ærlege og innrømt at det har vore problem, sa Skåli, og la til at ein må fortsetje med å vere ærlege om saka.

– Og me må framsnakke alle skulane, presiserte politikaren.

Oskar Nordli (Ap) har tvillingsøner i 10. klasse på skulen i Treungen.

– Eg har veldig tiltru til at dei gjer eit godt arbeid på Tveit skule, og eg er godt fornøgd med lærarane, sa han, og la til at det er klart det finst mobbing på denne skulen, som på andre skular.

LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig

Gode resultat
I november sendte skulen i Treungen spørjeskjema om trivsel og mobbing til foreldre av alle dei 116 elevane på dei ti trinna. Dei fleste foreldra svara.

– Me fekk tilbake tre skjema på mobbing, men dei tilfella er kjent frå før og det er gjort vedtak om tiltak som me er i gang med. Totalt er resultatet på tilbakemeldingane veldig bra, og det kom mykje positivt tilbake i undersøkinga. Resultatet stadfestar korleis eg har trudd det er på skulen, seier rektor Reidun Carol Retterholt.

Noko anna som gler er resultatet frå nasjonale prøver i haust. 5., 8. og 9. klasse i Treungen har no kome seg opp rundt landsgjennomsnittet i engelsk, lesing og rekning. I lesing ligg 5. klasse heile tre poeng over landsgjennomsnittet.

LES OGSÅ: Ein av to har opplevd digital mobbing

Meiner skulemiljøet er bra
Ester Grimstvedt (10. klasse), Even Tveit (8. klasse), Marius Grimstveit (9. klasse), Amalie Trontveit Nes (9. klasse) og Martin Trontveit Juva (10. klasse) sit i elevrådet ved skulen i Treungen. Dei undra seg over mobbetal fram til 2012 som blei opplyst om for eit par månader tilbake.

– Me kjenner oss ikkje att i desse tala, men har høyrd at det har vore mobbing ved skulen tidlegare, seier elevane.

Slik meiner dei dagens situasjon ved skulen er:

– Eg merkar ikkje stort til mobbing, og trur mest mobbing skjer på nett. Det gjeld heile landet. Eg veit om nokon i kommunen vår som er mobba på nett, men det er ordna opp i, seier Ester Grimstvedt.

– Eg ser det er nokon som går aleine i friminutta, men kjenner ikkje til at det er mobbing, seier Even Tveit.

Marius Grimstveit og Amalie Trontveit Nes merkar ingen ting til mobbing.

– Det er kanskje nokon som går aleine, men det er alt, seier Martin Trontveit Juva.

Ingen av dei fem er mobba på nett.

Dei er samde om at skulemiljøet mellom elevane er bra.

– Me trur det er veldig skilnad på elevane. Med vanskelege elevar blir det meir mobbing. I dag er det mange trivelege elevar på skulen her, er gjengen samde om.

LES OGSÅ: Ein av fem blir oppmoda til målbyte

Artikkelen vart først publisert i Vest-Telemark Blad