100.000 fleire elevar i 2034

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SSB: 100.000 fleire elevar i 2034

Dersom befolkningsprognosane slår til, vil elevtalet auke med 100.000 elevar dei neste 20 åra.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Vekstauke
I oktober 2014 var det 618.996 elevar ved dei 2.886 grunnskulane her i landet.

Talet på elevar på norske grunnskular har gått oppover i ei årrekke. I oktober i år var det 3.000 fleire elevar enn i oktober i fjor. Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar at veksten vil auke.

LES OGSÅ: Foreslår eit ekstra skuleår

Fleire privatskular

Samtidig blir det færre grunnskular. I år er det 12 prosent færre grunnskular enn i 2004. Delen private grunnskular blant desse aukar. Sidan 2002 har det blitt rundt 100 fleire privatskular, og 545 færre offentlege skular. No er 7,2 prosent av norske grunnskular private.

I 2034 vil det vere nesten 720.000 grunnskuleelevar i Noreg, dersom prognosane slår til.