(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Teaterstykket «Fjordmann» dreier seg om ein eksplosjonsarta brann på eit asylmottak i Sunnfjord 22. juli 2015, der den første NRK-meldinga går ut på at fleire enn ti personar truleg har mista livet. I stykket er ein 21 år gammal mann frå staden mistenkt for ugjerninga, skriv Dagbladet.

LES OGSÅ: Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater

Fjordman
Teaterstykket med tittelen som liknar på namnet Fjordman, aliaset til ein høyreradikal bloggar som var ein av inspiratorane til terrordømte Anders Behring Breivik, har premiere 15. november neste år.

Teatersjef Terje Lyngstad seier han trur det vil komme kraftige reaksjonar på stykket, som er skrive av skodespelar Stig Amdam ved Den Nationale Scene i Bergen.

–  Mange vil vel hevde at det framleis er for tidleg å sette opp eit stykke med dette bakteppet, at det er spekulativt og at vi gjer dette for å få merksemd, seier Lyngstad.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» blir teater

Om isolerte og insame menn
Han understrekar at stykket ikkje handlar om bloggaren Fjordman, men om «hatytrarane i samfunnet, om isolerte og einsame menn som Breivik, Syria-fararane og skuleattentatsmenn».

–  Men stykket hadde ikkje vorte skrive eller sett opp utan 22. juli, seier teatersjefen. (©NPK)

LES OGSÅ: Han har skrive tidenes ungdomsroman

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE