– Handlar om kva slags liv dei får som vaksne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar uroa over skulemønster

Denne veka og førre veke kom resultata frå årets nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk for 5., 8., og 9. trinn.

Resultata viser tydeleg at dei skulane, kommunane og fylka som gjer det godt på 5. trinn, også presterer godt på ungdomstrinnet og motsett.

– Denne tendensen har vore stabil i ei årrekkje, seier Thomas Nordahl, professor i pedagogikk og leiar av Senter for praksisretta utdanningsforsking ved Høgskolen i Hedmark, til NTB.

Han meiner tendensen er alvorleg.

– Dette handlar ikkje om kor flinke 5.-klassingane er til å lese og rekne, men kva slags liv dei skal få som vaksne. Vi ser ein klar samanheng mellom karakterane frå grunnutdanninga og gjennomføring av vidaregåande skule. Og vi veit at dei som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring, har ein langt høgare risiko for å hamne i NAV-systemet, seier Nordahl.

LES OGSÅ: Bygdeungdom er mindre påverka av foreldra

Oslo på topp
Dei nasjonale prøvene frå i år viser enda ein gong at elevane i Oslo, Akershus og delvis Sogn og Fjordane ligg over snittet, medan elevane i blant anna Finnmark, Nordland, Nord-Trøndelag, Østfold og Aust-Agder ligg under snittet på så godt som alle prøvene både på barne- og ungdomstrinnet.

– At ein ikkje klarer å løfte elevane frå 5. til 8. klasse tyder på at den tanken vi har hatt lenge, om at ting liksom går over eller at nokon modnast litt seint, han er uriktig. Ting går ikkje over når det gjeld læring. Viss vi ikkje yter ein ekstra innsats, så vil dei som heng etter på 5. trinn, framleis henge etter på 8. trinn, understrekar Nordahl.

Han meiner mange norske skuleeigarar og skuleleiarar har forsømt å bruke resultata frå dei nasjonale prøvene til å jamne ut forskjellane.

– Det er denne mangelen på innsats for å jamne ut, som gjer at desse forskjellane blir haldne oppe frå trinn til trinn, seier han.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen

Kan kompensere
Ein vanleg kritikk mot dei nasjonale prøvene, er at dei seier meir om elevgrunnlaget til ein skule, og då særleg utdanningsnivået til foreldra til elevane, enn om kor god skulen er.

Nordahl meiner det i mange tilfelle blir lagt for stor vekt på denne forklaringa.

– Det typiske svaret frå rådmenn og ordførarar som blir konfrontert med dårlege skuleresultat, er å peike på eit lågt utdanningsnivå i kommunen. Dei kunne jo like godt lagt til: Og slik skal det bli til evig tid. Ein bør jo ha større ambisjonar på vegner av barn og unge i kommunen, seier Nordahl.

Han framhevar Sogn og Fjordane som eit eksempel til etterfølging.

– Det er eit fylke med eit relativt lågt utdanningsnivå. Likevel har dei i mange år gjort det sterkt på nasjonale prøver.

Han meiner også dei gode resultata i Oslo over år ikkje berre kan forklarast med at fylket har det høgaste utdanningsnivået i landet.

– Oslo har også høgast minoritetsdel i landet, og gjennom det mange foreldre med eit lågt utdanningsnivå. At dei likevel får så gode resultat, og faktisk har færrast elevar som presterer på det lågaste nivået i heile landet, det er merkverdig. Det viser at det blir jobba svært godt på mange skular i Oslo, seier Nordahl. (©NPK)

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk