Lærer bygda å kjenne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygda Eidsborg i Tokke er stappfull av historie. Her ligg brynesteinsbrotet, med historia om den eldste eksportartikkelen i Noreg. Her ligg Eidsborg stavkyrkje og Vest-Telemark museum. Her ligg molybdengruvene med tilknyting til våpenindustrien, og her ligg mange gardar – kvar med si forteljing om liv og lagnad.

Les saka i Vest-Telemark blad!

Barne- og ungdomsklubben i Eidsborg har no starta prosjektet «Bygda vår», der målet er at dei unge skal bli kjent med historia til bygda, gamle segn og forteljingar, og har bygda har å tilby i dag.

– Dette skal dei lære ved å ha kontakt med ulike personar i bygda, slik at me skapar band mellom ung og gamal. Eit delmål i prosjektet er at dei eldre skal bli betre kjende med barna og ungdommane våre, seier Mette Lillegård, ein av initiativtakarane.

– Kvar ein stein
– Mamma, du seier at pappa veit namnet på kvar stein i bygda, seier Andrea Gulseth.

Mor Astrid Irene Hommo ler.

– Ja, men har gjer jo nesten det. Alle haugar har visst eit namn, seier ho.

No er det barnas tur til å lære stadnamn i bygda. Ein av måtane dei skal gjere det på, er å lage ein modell av heile Eidsborg i miniatyrmålestokk. Med vatn, åsar, vegar og hus. Når VTB er innom har dei nettopp starta på fyrste del av prosessen, som er å jamne ut landskapet med sparkel. Så fylgjer måling, skog, hus og tre, og alle stader der det bur folk skal merkast på skikkelig vis.

LES OGSÅ: Det gode teselskap


Andrea Gulseth og Anette Mandt.

Essbørgpøsten
Prosjektet har mange delar. Klubmedlemmane si fyrste oppgåve var å lage avis med nyt og gammalt frå bygda. Fyrste utgåve av «Essbørgpøsten» kom i oktober, og opplaget er alt utseld. Neste utgåve er planlagt på nyåret.

Anette Mandt har skrive den lengste artikkelen i avisa. Den handlar om oldemora Anniken Mandt og opplevingane hennar før, under og etter krigen.

– Det er veldig interessant å sjå korleis ein lagar avis, seier Anette.

Kusina Ingvild Mandt har også vore aktiv i avisproduksjonen.

– Eg vart overraska over kor moro det faktisk var, seier ho, og kollega Andrea Gulseth nikkar.

Jentene synest det er trivelig og morosamt å møtast på klubben.

– Me gjer jo ikkje så mykje elles, så det er bra å ha noko å drive med, ler Anette.



Eidsborg barne- og ungdomsklubb med prosjektet «Bygda vår», her Sondre Gulseth og Torstein Romdal. Foto: Randi Berdal Hagen

Knytt til staden
Klubben skal etter kvart starte med historiske vandringar og gardsbesøk, og dei skal også vere konsulentar på kanalprosjektet til Vest-Telemark museum for å sikre attraktiviteten blant barn og unge. Ei fotoutstilling med nye og gamle bilete står også på planen.

– «Bygda vår» er eit prosjekt over mange år, og me er framleis berre i startfasen, forklarar Lillegård, og legg til:

– Kanskje kan prosjeketet føre til at dei unge blir endå tettare knytt til staden, slik at dei kan busetje seg her når dei blir eldre.

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane