Nav-brukarar kan bli fråtekne støtte

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som unndreg seg aktivitetsplikta, vil bli straffa økonomisk.

Forslaget som Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) la fram fredag set inga konkret grense for kor lite den enkelte kan sitja att med av sosialhjelp.

LES OGSÅ: Iben (18) takkar NAV

Med andre ord står kommunane så å seia fritt til sjølv å avgjera kor hardt sosialhjelpsmottakarane som bryt vilkåra, skal straffast.

I lovforslaget strekar likevel departementet under at «stønaden ikkje vil kunna reduserast til eit uforsvarleg lågt nivå».

– Det ligg framleis ein rett til ein stønad som sikrar eit forsvarleg livsopphald for mottakaren og eventuell familie, blir det peikt på.

Ei rekkje kommunar har allereie innført vilkår om aktivitet, men regjeringa vil altså gjera dette til ei lovfesta plikt for alle kommunar. Sjuke menneske og pensjonistar er blant dei som skal fritakast frå aktivitetsplikta.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet