Vekas blogg handlar om te, og ein bloggar som stadig leiter etter andre te-entusiastar.

– Det er ikkje så mange av oss, så det blir fort spanande når eg treff andre som er interesserte i te. Då kan eg bli sitjande lenge.

Janne Nygård, tidlegare leiar av Målungdommen og noverande masterstudent i Volda, seier ho alltid har vore ein nerd og går fullt inn i ting. Det førte til tebloggen Plantebrygg, som er vekas blogg.

– Korleis kjenner du igjen andre te-entusiastar?

– Du ser det kanskje i augene, seier Nygård og flirer.

– Eg pleier å kasta ut nokre te-frasar, til dømes kva som er den dyraste teen eg har, og sjå korleis dei reagerer.

Framtida leiter etter Verdas beste nynorske blogg

Meir enn ein tepose
– Det er kanskje ikkje så mange som veit kor oppteken eg er av te, for eg bestiller oftast kaffi ute. Det er fordi teen blir best om eg lagar den sjølv, fortel Nygård.

Janne Nygård samanliknar te-interessa med dei som er interesserte i kaffi, øl og vin. Ho har funne ut at me ikkje er så flinke på te her i landet.

– Det blir ofte rekna som veldig bra om ein berre kan kjøpa te i lausvekt. Ofte blir det servert heilt feil, eller pakka feil i butikken så den mister smaken. Slike ting har eg irritert meg over, så det var godt å skriva litt om det.

Nygård spesifiserer – det ho skriv om er kun te frå sjølve teplana, Camellia sinensis. Frå den kjem det meste av te – og den kan vera grøn eller svart, alt etter korleis den blir behandla.

LES OGSÅ: Bloggen som ingen ville sletta

Slik gjer du det sjølv
Janne Nygård driv med sin eigen form for folkeopplysing – om te, og korleis du skal laga den beste koppen.

– Det varierer sjølvsagt frå te til te, men det finst nokre enkle tips.

1. Bruk lause blad, gi dei plass. Ikkje press dei saman inn i stålklyper, då får dei ikkje gitt frå seg smaken ordentleg.

2. Ikkje bruk kokande vatn. Få tear tåler 100 grader, så skru ned temperaturen.

3. Ikkje lat teen trekka for lenge, dei fleste skal ha nokre få minutt.

– Ein bør behandla teen som ein behandlar kaffi, der har me blitt flinke etter kvart, seier Janne Nygård.

Sjå oversikta vår over gode bloggar her!

Meditasjonsøving
Ho kan lista opp fleire bra ting med te – ein av dei er at det er sunt, sjølv om det ikkje er så nøye.

– Du kan i alle fall drikka mykje te med godt samvit, seier Nygård.

– Eg likar og å bruka litt tid på å laga teen. Det blir ein pause, ei meditasjonsøving på studiedagar og liknande. I tillegg er det stor skilnad på smaken til teane, det handlar om å utforska litt.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Kjærleiken for te forklarar kanskje Janne Nygård best sjølv i det aller første innlegget på bloggen:

«Eg elskar te. Så enkelt er det. Ein liten kopp kan romme så mykje smak, kjærleik og kulturhistorie at eg blir våt i augene og svimmel av det. Dramatisk, eg veit. Ein enkel liten plante, camellia sinensis, kan omskapast til sofistikerte og komplekse smakar – eller til tynt skvip. Te er høgtid, te er kvardag. Denne bloggen er eit personleg danningsprosjekt for meg, som eg håpar andre kan lære litt av òg. Eller kanskje berre bli litt inspirert. Følg med!»

Veit du om andre gode bloggar på nynorsk? Tips oss her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE