Paal Wanvik, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Paal Wanvik, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Artikkelen var først publisert hos Universitas. Omsett til nynorsk for Framtida.no

Det viser ein ny rapport frå Nordisk Institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

– Eg er ikkje her berre for å studera, men og for å bli kjend med kulturen, seier Katharina Schmidt, ein tysk student ved Norges Idrettshøgskule.

 LES OGSÅ: – Her er ni av ti bebuarar utanlandske

Ho meiner det er viktig å få kontakt med dei lokale studentane, men trur at språket gjer samhandlinga mellom norske og utanlandske studentar vanskeleg.

– Det er mange nordmenn som snakkar perfekt engelsk, men likevel merkar eg at dei er veldig sjenerte. Eg trur dei kjenner på ein språkbarriere, seier ho.

Ønskjer seg språkkurs
Schmidt ønskjer seg norskundervising gjennom heile semesteret. Ho får støtte til forslaget frå Rachelle Esterhazy, studentparlamentsmedlem for Internasjonalista ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho meiner lærestadene bør tilby studentane betre norskopplæring.

– Språket er kjerna av problemet, seier Esterhazy.

LES OGSÅ: – Nordmenn må tora å debattera

Esterhazy meiner og at terskelen for å bli med på sosiale aktivitetar utanfor utdanningsinstitusjonane blir lågare om dei utanlandske studentane lærer seg norsk.

– Ulik innstilling
Katharina Schmidt bur i Kringsjå studentby, der 65 prosent av bebuarane var internasjonale studentar i starten av 2014.

LES OGSÅ: Studentar i rekordlang psykologkø

Schmidt tykkjer ikkje Kringsjå er den ideelle staden å bli kjend med norske studentar.

– I nokre av husa er det nesten ingen nordmenn, kanskje berre ein i kvar etasje, seier ho.

Schmidt meiner og at innstillinga til norske og utanlandske studentar er ulik.

– Alle dei internasjonale studentane ønskjer å bli kjend med folk sidan dei ikkje kjenner nokon her frå før.

Ho har inntrykk av at dei norske studentane allereie har etablerte miljø i Oslo og at det difor ikkje er like viktig for dei å få nye vener.

LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev handling

Enklavedanningar
Esterhazy i Internasjonalista trur festglade Erasmus-studentar pressar nordmenn til å flytta til rolegare stader, og at det er slik det blir laga enklavar av utanlandske studentar.

– Eg er samd i at det aukar segregeringa, men eg har ingen forslag til korleis det skal løysast. Det er ikkje ei løysing å tvinga folk med så ulike levemåtar til å bu saman, seier ho.

LES OGSÅ: Studentane vil bu i kollektiv

Informasjon er naudsynt
Esterhazy har likevel inntrykk av at utanlandske studentar stort sett blir godt mottekne, men ser at det finst stort betringspotensial.

Til dømes nemner ho og at det blir lagt ut for lite informasjon på engelsk om arrangement som og internasjonale studentar kunne vore interesserte i. Katharina Schmidt etterlyser fleire internasjonale arrangement.

– Det må nesten vera organiserte aktivitetar for at internasjonale og norske studentar skal vera med kvarandre, seier ho.

LES OGSÅ: Starta sirkusskule på asylmottak

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE