Frp sikrar tilskot til LNK

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter initiativ frå leiar i Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), får Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) likevel halda på statsstøtta på 1,1 millionar kroner. Det skjer etter eit samarbeid mellom Frp, Høgre, KrF og Venstre i Kommunalkomiteen.

I framlegget til statsbudsjett kutta Kulturdepartementet støtta heilt.

LES SAKA: – Eit åtak på nynorske barn og unge

– No er me letta og veldig glade. Eg er glad for at komiteen understrekar kor viktig arbeidet vårt er, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK. Han rosar komitéleiar Njåstad for å ha tatt utfordringa på strak arm.

Kutt i statsstøtta ville gått hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion – i tillegg til språkkurs og anna nynorskarbeid retta mot dei 124 medlemene i organisasjonen. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

LES OGSÅ: Venstre løftar nynorsken i statsbudsjettet

– Eit viktig samarbeidsorgan
Då komiteen handsama kommuneproposisjonen for 2015 sa dei:

«Komiteen merker seg at regjeringa er opptatt av samisk språk og vil vektleggja at samiske språkbrukarar ikkje skal koma dårlegare ut som følgja av endringar i kommuneinndelinga. Komiteen ber også om at forholdet til nynorsk som målform får same fokus, slik at nynorsk som målform ikkje vert skadelidande som resultat av reforma.»

– Dette vart innfallsvinkelen for å finna ei løysing for LNK, fortel Helge André Njåstad.

– LNK har vore eit viktig samarbeidsorgan for nynorsk- og språkdelte kommunar, og når dei såg ut til å mista statstilskottet måtte me finna ei løysing for å ta vare på denne overbygningen. Med Kommunereforma for døra har kommunane store utfordringar framfor seg – også når det gjeld språk. Difor vert tilskotet gjeve over Kommunaldepartementet sitt budsjett og det blir stilt som vilkår at LNK også må bidra i arbeidet med reforma, for å ta vare på nynorsken inn i ei ny tid, fortel Njåstad.

– Eg har sjølv vore ordførar i 10 år i ein medlemskommune i LNK, og kjenner godt til arbeidet til organisasjonen. Når me les rapporten Noregs Mållag har utarbeidd om nynorsken sine kår gjennom tidlegare kommunesamanslåingar vil det vera viktig at LNK kan bidra til kommunereformprosessen, slik at Kommunalkomiteen sitt ynskje om å ta vare på nynorsken vert sett på dagsorden, seier Njåstad.

Noregs Mållag er godt nøgde med at LNK får halda på støtta:

– Det er godt å sjå at kommunal- og forvaltningskomiteen ser kor viktig kommunane er som språkforvaltarar, og særskild nemner kor viktig det er å ta vare på nynorsken i arbeidet med kommunereforma, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Rapport: – Samanslåingar skvisar nynorsken

Samla nynorskkrav
N
ynorsk forum, som er eit samarbeidsorgan for tjue nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter, prioriterte arbeidet til LNK på topp i sine innspel til statsbudsjettet, og ønskte å utvida tilskotet til 1,8 millionar for å sikra føreseielege rammer for den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, som blir driven av LNK. Framtida.no får ikkje direkte statsstøtte, og er avhengig av prosjektstøtte frå blant andre LNK. Nettavisa får stadig fleire lesarar, og når no om lag 10.000 unike brukarar i veka.

– Framtida.no er viktig for at norsk ungdom skal få møta nynorsk i kvardagen. Me vil jobba vidare for å gi denne nynorske suksesshistoria ei føreseielege framtid, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

LES OGSÅ: Klikk deg til meir nynorsk på nett!

Faktaboks

Utdrag frå innstillinga til budsjettet frå komiteen:

Komiteens medlemmar frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre legg vekt på at omsynet til nynorsk språk skal takast vare på i arbeidet med kommunereforma. Desse medlemmar legg til grunn at 1,1 mill kr av løyvinga til prosjektskjønn over kap 571 post 64 vert løyvd til Landssamanslutninga av nynorskkommunar for å bidra til dette arbeidet