Polfarer, forfattar og tidlegare skuletapar Samuel Massie leverte engasjerande foredrag for elevane på Austrheim VGS.

Morten Sæle, Avisa Nordhordland
Morten Sæle, Avisa Nordhordland

Artikkelen vart først publisert hos Avisa Nordhordland

Samuel Massie var med på den fatale «Berserk»-ekspedisjonen med Jarle Andøy der tre av kameratane deira som venta om bord i båten forsvann sporlaust medan Jarle og Samuel var på veg til Sydpolen.

Vegen frå skuletrøytt ungdom med dysleksi og konsentrasjonsvanskar til polfarar har vore ei utruleg reise for 21-åringen, og no er opplevingane blitt både til bok og motivasjonsforedrag for ungdom.

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Finn din eigen veg
– Alle er motivasjonslause ein eller annan gong i skuletida. Ein må finna sin veg, og dyrka sine interesser, seier han. Forteljinga startar første skuledag, med forventinga og gleda om endeleg å skulle få læra noko, ein gneist som etter kvart slokna på ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen fryktar skulerangering

Verdilaus
– Eg følte at min verdi som menneska vart vurdert etter kva som stod i karakterboka. Der stod det karakteren 1, fortel han.

– Bodskapen min er enkel; kan eg få det til, så kan alle. Motivasjonen til å klara dette er ikkje noko eg er født med og ikkje alle dei andre. Det gjeld berre å finna dei rette knappane å trykka på, fortel Samuel.

Eit år på folkehøgskule i Nord-Norge med Jarle Andøy som lærar vart vendepunktet hans. Eit år med segling, toppturar og utfordringar som verkeleg trigga Samuel. Han fortel historia om den gongen dei hadde fått i oppgåve å etablera leirplass og fyre bål heilt åleine i skogen. Han hadde som vanleg ikkje følgt med då læraren viste korleis ein skulle tenna bål, og strevde med å få fyr. Der i skogen, våt og kald, og med eit bål som ikkje ville brenna, tente gnisten i Samuel, og han bestemte seg for at dette skulle han få til, uansett kva som skulle til. Bålet flamma opp til slutt, og med det var livsgnisten på plass att i den unge guten.

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

SamuelMassiNH2

Inger Lise Nordanger (t.v.) og Anja Grindheim let seg inspirera og imponera av historia til Samuel. Foto: Morten Sæle

Opp til deg sjølv
– Kjipe ting skjer med alle, det er opp til deg sjølv korleis ein taklar det, seier han.

På bakgrunn av det han presterte dette året spurte Jarle Andøy om han ville vera med på ekspedisjon til Antarktis.

– Eg svarte ja med ein gong, fortel han.

Ein elev i salen spør om kva planar han har for livet vidare.

– Livet varer så utruleg lenge, eg kan ikkje planlegga for 50 år framover. Akkurat no brenn eg for ungdom, og vil gjera dette, men kva eg gjer om 20 år? Eg har ikkje peiling. Men det blir nye ekspedisjonar, det er heilt sikkert, seier han.

Inger-Lise Nordanger og Anja Grindheim går tredje året påbygging på skulen, og let seg imponere av Samuel sin historie.

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet

Rørande historie
– Det er utruleg sterkt å høyre det han fortel, og veldig motiverande, seier dei to.

– Det er ei rørande historie, eg fekk gåsehud fleire gonger. Eg har aldri vore noko på å lesa bøker, men denne boka skal eg ha, seier Inger-Lise.

– Han har i alle fall bevist at om ein vil noko sterkt nok så klarer ein det, det er heilt utruleg, eg vert mållaus, seier Anja.

LES OGSÅ: Kan få obligatorisk vidaregåande

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE