Ut med bøkene
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boka er ikkje lenger eit møbel, seier interiørekspert Kristin Ma Berg til Kulturnytt. Over heile landet blir bøker kasta, levert til Fretex eller gøymd vekk i kjellaren.
Det er Kulturnytt på NRK som tek føre seg saka i dag. Konklusjonen er at det rett og slett ikkje er like kult å ha ei fyldig bokhylle i stova som det var for berre tre år sidan.
– Trender går alltid i bølgjer. Det er ikkje meir enn tre år sidan det var «in» å ha bøker i stova, seier trendanalytikar Ståle Økland til NRK.
LES OGSÅ: Mannen som las 2000 bøker på eitt år
Det handlar om meir enn berre trend – me har mindre plass, og mindre tid til å tørka støv i store hyller. Ikkje minst les me mykje meir digitalt – og bøkene går difor gjennom ein liknande prosess som fysisk format i musikken har gjort tidlegare.
Skal bøkene følga etter musikken, kan me kanskje rekna med eit hipsterløft om ei lita stund, tenkjer Økland.
– Det å ha bøker kan fort bli ei hipstergreie saman med vinylplatene. Eg vil ikkje fella nokon dom over bøker, eg er sjølv veldig glad i dei, seier Økland til NRK.
LES OGSÅ: Hipsterparadokset
Slike trender får sjølvsagt noko merksemd i andre trendy saker som sosiale medium.
Når du har fått bøkene ut av stova og er så stolt av å henga med på den nye trenden at du vil visa det fram. pic.twitter.com/z6o1ALDcGz
— Martin Årseth (@MartinArseth) 2. desember 2014
@MartinArseth har bøker i stova. Bitches love bøker i stova. pic.twitter.com/HyoyMY6CDN
— Camilla Holm (@supercamilla) 2. desember 2014