Iben (18) takkar NAV

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hadde det ikkje vore for NAV så hadde eg gått heime utan noko å gjere. I staden for vaknar eg opp kvar dag og gler meg til å reise på jobb.

Iben er ein av mange i Årdal som får sosial stønad.  Dette måtte han søke om i haust då han ufrivillig sto utan lærlingplass og skuleplass.  I dag rosar han NAV, og takkar for all hjelpa han har fått.

Sto utan tilbod
Våren 2014 fullførte Iben sitt andre år på Helse og oppvekstfag ved Sogndal vidaregåande skule. På same måte som alle andre som vel yrkesretta linjer på vidaregåande, rekna Iben med at han skulle byrje på lærlinglivet då studietida var over. Han søkte til Årdal kommune og til fylkeskommunen, men då hausten kom sto han utan lærlingplass.

– Eg vart veldig skuffa då eg ikkje fekk lærlingplass.  Det som skuffar mest var at eg aldri fekk svar på søknaden min eingong, det tykkjer eg er dårleg.

– I ein kommune som Årdal er det behov for helsefagarbeidarar, så eg vart mildt sagt overraska.

Måtte søke til NAV
Då Iben ikkje hadde noko å gjere søkte han på diverse butikkar rundt om i bygda, men heller ikkje her fekk han den responsen han ynskte. Utan fast inntekt såg han seg nøydd til å søke NAV etter sosialstønad. Det fekk han på det vilkåret at han måtte jobbe for pengane, ei ordning som vert kalla «arbeid for trygd.»

– Å få sosial stønad som 18 åring var sjølvsagt ikkje planen, men dette var noko eg måtte gjere då eg ikkje klarte å skaffe meg fast inntekt sjølv.

Det heile enda med at Iben begynte å jobbe på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter, som har ein avtale med NAV. Her jobbar det fleire som er i same båt som Iben, og den unge årdølen er ikkje i tvil om kva han tykkjer om arbeidsplassen sin.

Svært nøgd
Iben stortrivst på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter, og tykkjer ordninga med arbeid for trygd er heilt super. Han kunne valt å liggje på sofaen å ta imot den sosiale stønaden, men det var uaktuelt for Iben.

GAMLESKULEN: Iben trivst godt på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter. Foto: Sunniva K. Øvstetun

– Det finaste med arbeid for trygd er at eg har ein stad å gå til, og at eg føler at eg bidreg med noko. Når pengane kjem føler eg at eg har gjort meg fortent til dei, og dette fører igjen til at eg ynskjer å yte enda meir.

– Alle som jobbar på bruktbutikken er kjekke folk, og me går svært godt ilag. Me har blitt ein koseleg liten gjeng, og eg trivst veldig godt. Av og til kjem eg på jobb sjølv om eg ikkje må, rett og slett fordi eg vil.

Skjemst ikkje
Iben hadde ikkje planar om å nave allereie som 18 åring, og innrømmer at han kvidde seg litt for å få sosial stønad.

– Det fyste eg seier når eg møter nye menneske er sjølvsagt ikkje at eg navar. Men for meg har NAV vore løysinga, og det har vore ei veldig god løysing.

Iben trur mange skjemst over å få sosial stønad, noko han tykkjer er trist.

– NAV vil at eg skal kunne stå på eigne bein, og at eg skal kome meg ut i arbeidslivet.  Eg har fått hjelp og tips til alt, og er svært takksam.  NAV skal vere det sparket bak som mange treng, men eg trur ikkje alle er opne for å ta imot denne hjelpa.

Les saka på Porten.no!