Jørgen (14) følgjer familietradisjonen.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

– Det er tungt arbeid, for det er svært stort spenn i borda.

Jørgen Følsvik Hansen (14) forklarer medan han viser veg inn i den raude løda på Bjørneset i Volda. Det er lenge sidan det var dyr her. I staden er løda ein eigna verkstad for båtbygging. Slik har det vore i mange år.

– Oldefaren min, Ola J. Bjørneset starta det heile, fortel Jørgen.

Inne i løda står ei rykande fersk prame. Berre småplukk står att før ho er ferdig. Det er Jørgen si første.

Ola bygde og selde sin første færing då han var i konfirmasjonsalder, slik som Jørgen er no. For Ola vart det eit levebrød, for Jørgen er det ein hobby. Det er besten Rolf Bjørneset Følsvik som har bidrege som konsulent. Også han har bygd nokre båtar, mykje sjølvlært, men også med konkrete råd og rettleiing frå svigerfar Ola, i si tid.

– Jørgen er ein nevenyttig kar, og det er kjekt å sjå at han får til dette. Det er ein viktig tradisjon å føre vidare, å kjenne til kretsløpet, seier Rolf.

 Nøyaktig: Det må vere på millimeteren, og det er tungt arbeid å bøye ein planke. Det er stort spenn i borda. Foto: Privat

Arbeidslyst

Båtbygginga har vore eit prosjekt i arbeidsveka Jørgen har på skulen. Han har jobba frå tidlege morgonar til seine ettermiddagar.

– Det har nok vorte atskilleg fleire timar enn det som er meininga i løpet av ei arbeidsveke, eg skulle kanskje helst hatt to veker på meg, men det var dette eg ville.

Og kjekt arbeid gir arbeidslyst, og det må til, for det tek tid å bygge ei prame. Jørgen strør om seg med ord og uttrykk få fjortenåringar elles forstår meininga med.

Det er sud og klombre og klinking og saum og innved og bord og steaming av fjøler, for å nemne nokre.

– Eg er faktisk usikker på om dette er fagspråk eller om det er lokale ord, funderer Jørgen.

Nøyaktig

Å bygge ei prame krev nøyaktigheit, tolmod og kunnskap. Jørgen har vore med på heile prosessen, frå tre til ferdig prame. Materialet fekk han hjelp til å sage på «storesaga» dei har i løda. Så er det å produsere alle bitane som høyrer med. Desse skal verte høvla og tilpassa kvarandre. Mellom anna 11 bord som kvart er 12 fot langt. Mellom borda i båten skal det smørjast ein pakning av tjære og bomullstrådar, og med nøyaktig avstand skal det borast hol til saumar som skal halde prama saman. For Jørgen er det ei leikegrind.

– Eg har hatt interesse for dette heilt frå eg var liten og fekk vere med besten i løda. Eg har alltid likt slikt arbeid.

Mykje av utstyret han har brukt stammar frå oldefar Ola si stordomstid. Små ting som ikkje er mogleg å kjøpe i butikken, men som er til stor hjelp, som til dømes eit mål som viser nøyaktig avstand mellom saumane. Det er historie i veggene.

 Damping: Innveden i båten må varmast opp for at den skal vere enkel å bøye og forme. Tørr innved vil knekke. Det kan heller ikkje vere kvistar i han. Innved er den forsterkande konstruksjonen i båten. Foto: Janne-Marit M. Falch

Kostbare
– Eg veit vel ikkje om nokon på min alder som driv på med det same, seier Jørgen.

Bjørneset ligg ikkje så langt frå Bjørkedalen, der båtbyggjartradisjonen har eit meir solid fotfeste.

– Dei byggjer jo ein del der, dette er heilt på hobbybasis, kommenterer Rolf.

– For det er jo ikkje mogleg å ha dette som eit levebrød lenger, slik som Ola hadde det. No til dags kjøper folk plastbåtar. Dei er enklare å halde ved like, og er ikkje så kostbare, men så har du ein og annan som ønskjer seg trebåt. Det er jo ekte vare.

Jørgen tenkjer å selje si første prame, dersom interessa er der.

– Eg tenkjer at eg vil bygge fleire. Det er ein fin hobby, og så er det kjekt å kunne det, men eg ser nok ikkje føre meg at dette skal vere jobben min.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57
ANNONSE