«I 12 år har han kjempa»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skreiv innlegget fyrst og fremst fordi eg vil at noko skal verte gjort. Eg har kjent Jalal lenge, sidan eg var liten og kom med familien min til Noreg. Men medan eg er 16 år og har fått gått på skule og lært å lese og skrive, har livet hans stått på vent, forklarar Massoma Jurmy på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Retorikk vert fort politikk
 

600 delingar
Denne veka skreiv ho det sterke innlegget «Må ein ta livet av seg før nokon reagerer?», som vart publisert i lokalavisa Firda. I løpet av den fyrste dagen innlegget låg ute var 2000 innom bloggen til hennar. Sidan tysdag er innlegget delt over 600 gonger.

Massoma fortel om ein mann som flykta frå Iran etter å ha konvertert til kristendomen. Av frykt for familiens tryggleik oppgav han feil namn på fyrste intervjuet. Dette retta han opp etter ei veke, men det kan ha fått varige konsekvensar for asylsøknaden til Jalal.

Det var lokalavisa Firda som spurde Massoma om ho ville skrive eit innlegg for dei. Då tok ho kontakt med Jalal for å intervjua han og høyre om det var greitt at ho delte historia hans.

Sjølv kom ho og familien til Noreg som kvoteflyktningar frå Afghanistan. Ho har difor ikkje kjent på den same uvissa som Jalal, men føler sterkt med han.

LES OGSÅ: Barnas beste skal telje meir

Foto: frå bloggen

12 års venting
Og historia om Jalal er sterk lesnad:

«Denne 40 år gamle iranske mannen har no budd på asylmottaket i Førde i 12 år. I 12 år har han levd i håp for eit betre liv. I 12 år har han kjempa. I 12 år har han ikkje fått lov til å skaffe seg arbeid. Han lev no på under 2000 kr i månaden og beløpet minkar stadig. Han har heller ikkje fått lov til å gå på norskkurs for å lære seg språket – for å kunne spørje om kva eit brød kostar. For denne mannen er kvar dag lik. No har han brote foten og, så panting av flasker er berre ein draum for han. Han kan knapt kome seg ut av rommet. Likevel drøymer han framleis om å få starte livet –i ein alder av 40. Å få opphaldstillating i Førde, er hans største draum. Elles fryktar ikkje Jalal døden lenger. Tvert om, ser han på det som den einaste måten å bli fri på –å bli lykkeleg,»skriv Massoma i innlegget.

Vidare fortel ho korleis UDI ikkje vågar å senda han attende til Iran og har bede han om å opphalde seg på asylmottaket.

«Ingenting meir blir gjort med saka.  Jalal lev no eit avgrensa liv. Han blir ikkje gjeven verdige rettar. Står opp, et og søv. Det er livet hans, men Jalal har talt,» skriv 16-åringen, som har vorte eit talerøyr for Jalal.

Foto: frå bloggen

Pengar og støtte
Etter innlegget har både Massoma og Jalal fått mykje positiv respons. Ho forstår meir av det som vert sagt enn hovudpersonen sjølv.

Folk har òg kontakta Massoma for å få kontonummeret til Jalal, for å gje pengegåver. Det har ho ikkje kunne gje dei, fordi Jalal ikkje har kontonummer.

– Det seier litt at til og med ein norsk 12-åring har eigen konto, medan ein 40 år gammal mann ikkje har det, tykkjer Massoma, som likevel har sytt for at pengane har kome fram.

Den engasjerte tenåringen – som både er med i AUF og sit i FN-Sambandets ungdomspanel – er glad for responsen, men forventar meir. Ho forventar at folk og media set press på politikarane, slik at dei får UDI til å sjå på saka til Jalal på nytt.

– Slike saker kjem fram og forsvinn fort att. Eg vil at folk skal hugse saka og ta ho inn over seg. Det er fint med klapp på skuldera, men det er ikkje nok, oppmodar Massoma.