Mellom Putin og Kasparov

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heime i Noreg har Carlsen ført sjakken til folket. Annankvar nordmann (2,7 millionar) var innom sjakksendingane på NRK, ein auke på 16 prosent frå Chennai i fjor. Denne interessa i alle lag av folket for eit spel som ikkje er av dei enklaste, kan berre samanliknast med sjakkgalne Island under VM-kampen mellom Fischer og Spasskij på Reykjavík i 1972. Kan henda er det noko med det nordiske lynnet og sjakken, likevel.

LES OGSÅ: Vil ha sjakkløft i skulen

Leik
Eller er det personen Magnus Carlsen som – meir enn spelet – fangar interessa? Vi er fascinerte av kombinasjonen av det norske og det unorske ved Carlsen. Han er unorsk god i sjakk, om dét finst ikkje tvil. Men han har òg noko barnleg over seg, som ein Petter Northug, når han små­arrogant i krøllete moteklede ligg over sjakkbordet i si eiga verd medan motstandaren Anand freistar konsentrera seg.
«Eg er berre eit barn», smiler Carlsen om nokon skulle kritisera sitjestillinga hans. Sjakken er framleis ein leik for Carlsen som mellom partia slappar av med ballspel og Donald Duck. Samstundes er eventyret om den norske Sjakk-Askeladden òg knytt til verdiar frå den norske kjernefamilien, rett nok her representert ved den aller øvste mellomklassa.

LES OGSÅ: D-E-K-O-N-S-T-R-U-K-S-J-O-N-E-N (Når sjakk blir idrett)

Avsløringa
Den eventyrlege sjakkreisa til Carlsen inspirerer den tidlegare verdsmeisteren, den kompromisslause Putin-kritikaren Garri Kasparov som gjerne vil hjelpa nordmannen til herredøme i sjakkverda. Den same dagen som Carlsen møtte Putin i Sotsji, sleppte den norske verdsmeisteren bomba: Kasparov var ein del av analyselaboratoriet til nordmannen før og under VM-kampen.
«Det finst noko Kasparov skjønar betre enn eg», sa Carlsen og takka for hjelpa. Men Kasparov er intens og emosjonell så kommunikasjonen mellom dei to gigantane i sjakkverda måtte skje gjennom eit filter: den danske sjefstrenaren Peter Heine Nielsen. Alt i 2010 gav Carlsen klår melding om at han ikkje orka arbeida direkte med den beste spelaren i sjakkhistoria. Den norske Sjakk-Askeladden er altfor makeleg til slikt.

LES OGSÅ: Sure folk og tullenyheiter

Indisk klasse
Då er det annleis med verdsmeisteren frå 2007 til 2013, Vishy Anand, som fortalde Putin at han sjølv var eit produkt av den hardtarbeidande sovjetrussiske sjakkskulen, flaska opp med sovjetiske trenarar. «Nei, ja så», svara Putin. «Så du er eit problem vi har skapt for oss sjølve.»
Med denne VM-sigeren til Carlsen sa sjakkverda farvel til Kasparov- og Anand-generasjonen. Anand spela om verdsmeistertittelen for fyrste gongen mot Kasparov i 1995. No må det vel vera slutt. Anand tok tapet med ei fatning som høver seg for den indiske overklassa: «Eg har lika å spela i Sotsji. Men Magnus spela betre. Slik er det berre. Gratulerer», sa Anand.
Kasparov summerte opp duellen såleis: 70 prosent av trekka kan ein kompetent spelar finna; ein stormeister kan finna dei neste 25 prosentane. Men dei siste 5 prosentane må ein finna under press. Og det var skilnaden på Carlsen og Anand i denne kampen. Carlsen hadde betre nervar og var meir presis i kritiske stillingar.

LES OGSÅ: Kan bli årets heltar

Letnad
Dei fleste er samde i at VM-kampen i år var meir spanande på brettet enn i fjor. Anand vart ikkje audmjuka denne gongen. Kvart einaste svartparti mot Anand, som var betre førebudd i opningsteorien enn nokon gong, var ei prøving for den norske verdsmeisteren. I det siste svartpartiet spela ein nesten desperat Carlsen favorittopninga til Kasparov, den aggressive grünfeld-varianten. Det var eit vågsamt val som skulle visa seg å fungera.
Medan Chennai-sigeren i fjor var rein glede, var Sotsji-sigeren ein lette. Den unge regjerande meisteren hadde alt å tapa. Jamvel om sluttsiffera er solide nok, var duellen jamn og ganske open heilt til Anand valde ein altfor offensiv plan tre og ein halv time ut i det ellevte partiet. Fyrst då skjøna ein forkjølt Carlsen og ein nervøs Kasparov at VM-tittelen var sikra for to ny år.

LES OGSÅ: Nja til EU

Kompromisslaust
Ei heil sjakkverd kan sjå at Carlsen har bytt ut «remisdauden» med kampsjakk. Alt verdsmeister Capablanca på 1920-talet spådde at sjakken ville døy i ei endelaus rekkje med remisar. Men Carlsen, slik Kasparov gjorde før han, har vist at dette berre er tull.
No når den myten om remisdauden er borte, kjem andre toppspelarar etter, som til dømes den unge italienaren Fabiano Caruana (22) og russaren Aleksandr Grisjtsjuk (31). Verdseliten, med eit lite unnatak for elskverdige Anand, spelar meir kompromisslaust enn nokon gong. Kasparov nikkar nøgd på vegner av sjakken. Den nye kampsjakken er Carlsens store gåve til sjakkverda.

LES OGSÅ: Putins digitale Russland