D-E-K-O-N-S-T-R-U-K-S-J-O-N-E-N (Når sjakk blir idrett)

Debatt
Publisert
Oppdatert 27.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når sjakk blir idrett

Kommentaren vart først publisert hos Vikebladet Vestposten

«Dekonstruksjonen» er eit fenomen som med revolusjonær kraft har slått inn over dei vestlege samfunna i siste halvdel av 1900-talet og i starten av det 21. hundreåret.

Dekonstruksjonen går laus på konstruerte, hevdvunne skikkar og tradisjonar på nær sagt alle område.

Sagt på ein enklare måte; dekonstruksjonen går laus på oppfatningane våre. Samfunnsnormene. Som oftast i likskapens namn.

Ein av fleire slåande dekonstruksjonar her til lands i ny tid er innlemminga av sjakkspelet i idrettsfamilien.

Jau, sjakk er eit spel. Det er det ingen tvil om. Men er det idrett?

LES OGSÅ: Endeleg har vi fått nok privatliv

I 2013 vart Magnus Carlsen verdsmeister i sjakk. Han er nordmann – og sigeren vekte så stor nasjonal åtgaum at han vart kåra til ”årets idrettsmann” under idrettsgallaen i Vikingskipet på Hamar.

Dernest fekk han fast plass på sportssidene våre.

Sjakk hadde vorte idrett over natta. Før Carlsen var det ingen – i alle fall svært få – som hadde tenkt tanken. Men det var noko i tidsånda som letta overgangen; dekonstruksjonen. Dekonstruksjonen hadde begynt å rikke på oppfatningane våre om kva idrett er.

Etymologiboka sin 1900-talsdefinisjon av IDRETT – ”opdragende legemsøvelser” – vart sendt på skraphaugen så å seie over natta.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Eller var han det? Var det berre vi som hadde fått opp augene for at sjakk var ein ”opdragende legemsøvelse”?

Eg hugsar godt frå 1960-åra då bestefaren min tok fram sjakkspelet i ledige stunder, smatta og sa på si velklingande ørstadialekt, når spelet hadde utvikla seg eit stykke: ”Kjime du me’ hesti’?”

Det var aldri i min tanke at bestefar, i det han sette seg på stolen, på nokon som helst måte gjorde det som idrettsmann.

Våre dagars lefling med ”nordmann”-omgrepet handlar om det same. Vi høyrer og les om ”nordmenn” som reiser til Irak og Syria for å krige for Den islamske stat. Å kalle desse ”nordmenn”, om dei enn er norske statsborgarar, blir like ille som å seie at sjakkspelarar er idrettsutøvarar.

Tenk berre den tanken, lesar, at du sjølv seier frå deg den norske stats-borgarskapen og flyttar til Senegal og blir statsborgar der.

Og så kjem du heim til Norge på ferie – som senegalesar?

LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

Dekonstruksjonen syg næring frå dei vitskapelege framstega og teknologien sine sigrar. Omveltingane minner mykje om den nihilismen som den russiske forfattaren Ivan Turgenjev åtvara mot i romanen ”Fedre og sønner”. Hovudpersonen Bazarov ville dekonstruere tidlegare tiders romantiske tradisjonar og oppfatningar. I lys av dei nye innsiktene som vitskapen hadde kome med, hevda han at ein frosk og eit menneske eigentleg var ”det same”. Jau, der var ein skilnad, men berre i kompleksitet. Eit mengdespørsmål, med andre ord.

For slik arbeider dekonstruksjonen: Ingen ting, ingen religion, ingen ideologi, inga livsform er – når det kjem til stykket – meir gyldig enn noko anna. Skiljet mellom norm og avvik er eit konstruert skilje. I likskapens namn må vi derfor dekonstruere det.

Ishockey står på den olympiske dagsorden. Ergo er det ein idrett. Ishockeyspelarane flyttar puckar. Sjakkspelarane flyttar hestar og tårn. Er då sjakk mindre idrett enn ishockey?

Slik sett blir det å strikke lestar også ein idrett. Ja, alt vi menneske gjer oss dyktige i kan kallast idrettsøvingar. Vi kan kåre verdsmeistrar i både golvvasking, lyktestolpekasting og saftpressing. Du kan bli flink i alt, berre du har trott og talent.

Og er sjakk idrett, må også det å løyse IQ-testar vere idrettar. Det same gjeld kryssord.

LES OGSÅ: Sjukt lite likestilt

TV-serien ”Født i feil kropp” minner oss om at avvik er ein del av naturen. Mann og kvinne er ikkje eintydige omgrep. Ein kvar mann er også i ei viss grad ei kvinne og ei kvar kvinne i ei viss grad ein mann. Var det ikkje slik, ville ikkje menn hatt brystvorter.

Men det endrar ikkje det faktum at ein mann er ein mann og at ei kvinne er ei kvinne, at ekteskap er ei samlivsordning mellom to personar av ulikt kjønn, medan partnerskap er ei samlivsordning mellom to personar av same kjønn.

Så unngår vi dumme misforståingar.

I Vårt Land 28. oktober i år går Marcus Paus – son til Ole Paus – imot Arnold Schönberg si hundre år gamle tese om at rekkefølgja av tonar i eit musikkstykke er tilfeldig. Han fortel om ein diskusjon mellom Schönberg og komponistkollega Erich Korngold, som var djupt usamd med Schönberg, der tok Schönberg opp ein penn og sa:

”Dette er ein penn. Snur eg han opp-ned, er det framleis ein penn”.

Korngold skal då ha svara:

”Ja, men no kan du ikkje skrive med han”.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn