Ikkje prøv deg, pop-babe!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste dagane har det blitt tydeleg at det er lite som er meir provoserande for Oslo-journalistar enn at ein kjendis dei har trygt plassert i éin bås plutseleg vil over i ein annan. Det skjer i desse dagar når Tone Damli kjem med sitt første album på norsk – «Di første jul». 

Sjeldan har ein opplevd den såkalla rikspressa i eit surare modus. Når tittelsporet viser til at Tone har blitt mor sidan sist, blir det antyda at dette er spekulasjon på det grovaste. Aller mest vondsinna er reportasjen i Dagsrevyen på laurdagskvelden der Tone får spørsmål som i sum klandrar ho for at ho er ein vellykka artist som gjer alle ting som vellykka artistar gjer, blant anna tener pengar.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

I oktober blei eg spurd om å språkvaske tekstheftet til plata. Det var eit hyggeleg oppdrag som eg ikkje tok betalt for, fordi eg som språkinteressert lektor syntest det var svært positivt at Tone Damli nå endeleg skulle synge på norsk. 

Oppdraget gjorde at eg har hatt songane på «Di første jul» på øyret litt lenger enn dei fleste. Eg danna meg eit inntrykk før Morten Ståle Nilsen trilla ein to-ar i VG 12. november, noko som verkar å ha vore startskotet for eit mediedrev som går ut på at den som skal slaktast til jul i år, det er sanneleg Tone Damli.

LES OGSÅ: Dette er Noregs verste dialekt

Det Tone har gjort, er å ta eit knippe av dei finaste norske og svenske julesongane og gjort dei til «sine» ved å legge språkforma om til sogndalsdialekt. I mine øyre har dette gitt fleire forterpa juleschlägerar eit nytt og samtidig autentisk preg. 

Alt er ikkje perfekt. Det er sant at det kanskje kunne vore lagt meir arbeid i nokre av omsetjingane slik at for eksempel den opphavlege rimstrukturen kunne blitt beheldt i Wenche Myhres «Vinter og sne» når han blei til «Vinter og snø». 

Som lærar med dagleg samkvem med Helleviks gule kunne eg også ønskt meg at ho syng «gong» og ikkje «gang». Men hovudinntrykket av plata er at dette er ei ukunstla samling av songar der Tone bruker den enkle, men ikkje umusikalske røysta si på ein likefram og ærleg måte. Slik som ei ung mor faktisk syng for barnet sitt. For min del synest eg det er godt å sleppe bismaken av kunstig søtstoff i refreng på tidlegare juleplater der Kyrkjebø og Kråkevik så tydeleg nyt sine eigne klokkeklare og pregnante røyster. 

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Produksjonen av «Di første jul» er nøktern og nedpå, og eg som lyttar er ikkje i tvil om at songaren rett og slett synest dette er fine melodiar og tekstar som ho likar å formidle. Det held for meg.

Kvifor er da responsen så surmaga? Eg mistenker at hovudstadspressa i botnen er imot tukling med julesongar som bør vere på bokmål. Det er eigentleg berre til å flire av at Tone omplantar «Jon Blund», «Vi tenner våre lykter» og altså «Vinter og sne» til Sogndal av alle stader. 

«Den smått keitete låvedansversjonen av Jon Blund,» er uttrykket Dagbladets Torgrim Øyre brukar om lagnaden til den songen. Assosiasjonane går til dansebandmusikk – ja, alt sånt som er bondsk og Harry, sjølvsagt med Idol og alt dets vesen inkludert. Synge «Me tenner våre lykter når det mørkna», lissom? Det er jo patetisk, og rimar gjer det heller ikkje.

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk

I denne reaksjonen ligg det ein godt skjult forakt mot alt norsk språk som liknar nynorsk. Sett frå dei store Oslo-avisene si etnosentriske og bornerte vesle verd er nynorsk eit mindreverdig språk, litt etnisk artig, men sjølvsagt ikkje noko som for eksempel vanlege journalistar bør bruke i spaltene. 

I meldinga av «Di første jul» i Dagsavisen blir dette ekstra tydeleg. Der skriv anmeldar Bernt Erik Pedersen som så: «Selv sier hun at ‘alle låtene er på dialekt’, mens plateselskapet melder at dette er «tekster på nynorsk». Siden hun nå er kommet til musikkpolitiet, ikke språkpolitiet, gir vi lov til alt så lenge det funker». 

Dagsavisens anmeldar er altså liberal og gir lov til alt, til og med eit snev av tabu-språket nynorsk!

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

I det heile er responsen på ”Di første jul” i Dagsavisen, VG, Dagbladet og NRK veldig prega av at Tone Damli i utgangspunktet er ein Se og Hør-figur som for evig og alltid er dømd til å vere utelukkande opptatt av fine klede, av Idol og av å smøre si eiga økonomiske kake. Ho bør halde seg langt unna formidling av kunst og livets alvor. Om ho likevel gjer det, blir det aldri noko meir enn kitsch og spekulasjon.

Da samanliknar ingen med korleis den same pressa hyllar høgkulturens alfa-hann Karl Ove Knausgård for at han skriv så ope om sitt liv. Når du er høg og mørk mann med haugevis av kulturell kapital, er det heilt i orden å skrive om samliv og familie på ein autentisk måte. 

Når du er pen og evig stempla som pop-babe blir det spekulativt intimitetstyranni om du prøver deg på å lage kunst av noko som har med det eigentlege livet ditt å gjere. 

LES OGSÅ:– De urinerer på Aasen

Det vi har her, er etter mitt syn ein krasj mellom dei to kulturane i landet vårt: by og land – mann mot mann. I Oslo-gryta veks oppfatninga at bygdene og distrikts-Noreg er noko mindreverdig. Ja, i botnen ligg tanken om at det meste som har med norsk kultur å gjere, snart skal på museum. 

Det sjølvsagte for pop-artistar er å synge på engelsk, slik jo alle gjer til Eurovision Song Contest. Dét er for pokker i den verda motebloggar Tone Damli høyrer heime – kvifor har ho blitt så dum og ultra-klein at ho plutseleg skal synge på vestlandsmål? 

LES OGSÅ: Nektar å betala bota på bokmål

Det kan berre vere éin underliggande grunn som gjer at vi ikkje treng gi slepp på glamour-Tone som vi er så glad i: ho gjer det for pengane. 

Reporterstemma i Dagsrevyen fortel at ho med reklameengasjement og medieoppdrag tener så mykje som halvannan million i året. Det er grunnlaget for eit insinuerande spørsmål etterpå: «Hva synes du om at du er blitt et objekt og en klikkemaskin i media?» Tone, som eigentleg berre ville marknadsføre ei juleplate med songar ho synest er pene, blir tydeleg lei seg først, så svarar ho at ho synest det er heilt fint.

LES OGSÅ: –Eg(o) treng ikkje feminisme

Misunning er den enklaste årsaken til den behandlinga Tone Damli får nå. Ho skal trykkast ned i medie-søla, og mobbinga rullar over ho fordi ho nettopp med den nye plata gjer eit forsøk på bryte ut av objekt-rolla som media har spunne rundt Idol-Tone i alle kjendis-år. 

Når eg lyttar til ”Di første jul” kjenner eg igjen den store følelsen det er å gå inn i den første jula med eit spedbarn i huset. Kva er gale med det?

Tittelsongen til plata er elles laga av Torbjørn Dyrud og er ikkje noko Tone har spunne i einerom med babyen sin. Temaet mor og spedbarn har jo også god tradisjon ved juletider, utan at det har blitt reagert mykje på det før.

LES OGSÅ: Do they know it's a geopolitical problem? – Are Kalvø si veldedigheitslåt.

Kronikken vart først publisert hos Dagbladet