Han har skrive tidenes ungdomsroman

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skreiv tidenes ungdomsroman

I dag kåra Ubok.no og Dagbladet tidenes beste norske ungdomsroman. Fagjuryen har samla seg om «Darlah – 172 timer på månen» av Johan Harstad.

– Dette er veldig hyggeleg, og veldig overraskande! Ein del av meg kan nok ikkje unngå å tenka at det ikkje er fortent, når eg ser på alle dei andre på lista, seier ein glad og audmjuk vinnar til Dagbladet.

Boka kom ut i 2008, og er Harstads første og foreløpig einaste bok for unge lesarar. Det starta som eit tingingsverk frå Stavanger 2008, då byen var europeisk kulturhovudstad. Dei ville ha ei barnebok som kunne delast ut gratis til barn i heile Rogaland.

– Eg tenkte at eg ville skremma borna. Eg trur dei har godt av det. Kulturell terror er bra for born, seier Harstad til avisa. 

LES OGSÅ: Buzz Aldrin på toppliste i USA

Handlinga startar med at NASA utlyser ein konkurranse der tenåringar frå heile verda kan melda seg på for å bli med på ei måneferd. Ein av de tre heldige er Mia frå Våland. Ho speler i punkbandet Rogue Squadron og kjedar seg på skulen. Ho blir til dels tvunge til måneferda av sine velmeinande foreldre, som meiner ho har godt av å oppleva noko nytt. Franske Antoine melder seg på fordi han er ulykkeleg forelska – kjærleiken styrer som kjent det meste i Frankrike. Mens japanske Midori berre vil langt vekk frå Tokyo.

Over førti år etter den første månelandinga vender dei tre ungdommane tilbake saman med mannskapet på fem. Dei entrer månestasjonen Darlah, som blei forlaten i 1974. Offisielt på grunn av pengemangel. Etter kvart får ein vita at årsaka er ein heilt annan.

QUIZ: Prøv deg på «Den store bok blir film-quizen»

«Døden på Oslo s» av Ingvar Ambjørnsen var lesarfavoritten.

Totalt har det kome inn litt over 5000 stemmer. Ambjørnsens «Døden på Oslo S» har fått meir enn 20 prosent av stemmene, og nesten dobbelt så mange som nummer to på lista, Jostein Gaarders «Sofies verden». 

– Dette er jo heilt utruleg! Dette gjer meg verkeleg happy! seier Ambjørsen til Dagbladet.

LES SISTE BOKNYTT HER!

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Faktaboks

Johan Harstad debuterte allereie som 22-åring med kortprosasamlinga «Herfra blir du bare eldre».

Hans første roman, «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?» blei utgitt i 2005 og er no utgitt i Sverige, Danmark, Finland, Nederland, Tyskland, Færøyene, Italia, Russland, Frankrike og USA. Boka er òg filmatisert og vist som tv-serie på NRK.

Heile lista over dei femten beste ungdomsromanane er ifølgje fagjuryen:

1. Darlah, Johan Harstad
2. Døden på Oslo S, Ingvar Ambjørnsen
3. Yatzy, Harald Rosenløw Eeg
4. Annikken Prestgaren, Dikken Zwilgmeyer
5. Markus og Diana, Klaus Hagerup
6. Sofies verden, Jostein Gaarder
7. Fallteknikk, Inga Sætre
8. Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?, Bjørn Sortland
9. Odinsbarn, Siri Pettersen
10. Kysset som fikk snøen til å smelte, Tor Fretheim
11. Miriam, Aimée Sommerfelt
12. Bortførelsen, Mette Newth
13. Den mørke siden av månen, Tone Kjærnli
14. Romanen om Merkel Hanssen og Donna Winter og den store flukten, Tormod Haugen
15. Toves hemmelighet, Evi Bøgenæs