Meir sexy av nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas bloggar hadde eigentleg bokmål som hovudmål, men då ho skulle skrive fantasy inspirert av norrøn mytologi, måtte det verte nynorsk. Det var nettopp difor Kristine Tofte starta bloggen Haustljos i 2007 – for å øva seg på nynorsken.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Alt for målforma
Framtida.no lurer på kva anna forfattaren har lært av blogginga.

– Ein blir ganske god til å skrive korte tekstar, og til å publisere rot og reve utan høge krav til seg sjølv. Som forfattar er eins indre sensorkorps den daglege fienden, og blogginga gir trening i å kjempe og vinne, svarar Kristine på epost heime frå Stord.

På bloggen har forfattaren fått øvd seg på nynorsk i mange ulike tekstformat – alt frå lyrikk til quiz.

– Korleis er det å skrive på nynorsk samanlikna med bokmål?

– Når eg skriv nynorsk oppfattar folk meg som intellektuell, sexy og morosam. Det er eit stigma, men eg held ut. Noko må ein ofre for målforma si, svarar 43-åringen.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

– Køyr på
Lesartala hennar varierer frå nesten ingen til ei heil røys, som ho seier det sjølv.

Når ei heil røys kjem ramlande inn på hennar domene er det ofte med god hjelp frå riksmedia, som då VG fann Kristine sitt hjartesukk om at ungar kan smørje nista si sjølv. Det vart lesarrekord.

– Har du nokre konkrete tips til andre bloggande forfattarar?

– Køyr på. Bloggane våre har få lesarar, samanlikna med motebloggar retta mot ungdom. Dermed har me fridom til å leike og toske oss til, og prøve ut tekstar i verda me elles ikkje ville sendt til forlag. Det er stas med ein publiseringsstad der det kommersielle, bokbransjen og betalande publikum har absolutt ingen rettar, ingen påverknad og ingen røyst, oppmuntrar forfattaren og psykologen.

– Er det noko du ikkje kunne blogga om?

– Sjølvsagt. Eg eig då skam, svarar Kristine, som ikkje vil ut med kva som ikkje tåler deling på nett.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår. Tips oss her!