Færre yngre menn kjøper sex

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjønnsforskar Synnøve Jahnsen er knytt til Politihøgskolen og Universitetet i Bergen. Ho har blant anna prøvd å finne ut om det går an å seie noko generelt om kven som kjøper sex i Noreg. Svaret er nei, ingen spesielle grupper skil seg ut, bortsett frå at dei fleste er menn, skriv Bergens Tidende.

LES OGSÅ: – Burde eigentleg halde kjeft

Mange stereotypiar
– Vi kan skilje mellom majoriteten som ikkje kjøper sex meir enn éin gong, kanskje litt tilfeldig og situasjonsbunde, og dei som gjer det meir regelmessig, kanskje av vane, seier Jahnsen.

Mens sexkjøp kanskje tidlegare vart sett på som ein naturleg del av menns seksualdrift, er dette noko ein i dag må forklare og forsvare, ifølgje forskaren.

– Det finst mange stereotypiar og lite sosial aksept. Dette kan vere med å endre haldningane til nye generasjonar av menn, seier ho.

LES OGSÅ: Menneskehandlarar ser mot Noreg

 

Nedgang sidan 2009

Vista Analyse fekk tidlegare i år oppdrag frå regjeringa å evaluere verknaden av sexkjøpslova. Ein av konklusjonane i rapporten som kom i haust, er at etterspørselen har vorte lågare sidan 2009.

– Våre undersøkingar har vist at det spesielt synest å vere færre unge, norske menn og gutar som kjøper sex no, seier samfunnsøkonom og dagleg leiar i Vista Analyse Ingeborg Rasmussen.

– Alle kjeldene peiker i same retning, vi har ikkje eitt einaste funn som tilseier at det har vorte fleire kjøparar etter at lova kom, seier ho. (©NPK)