Norske ungdomsskuleelevar er blant dei beste i Europa på data, sjølv om datamaskina blir mindre brukt i undervisninga her enn i andre land, viser ein ny internasjonal studie.

NPK
NPK

Noreg er heilt i tetsjiktet på digitale ferdigheiter i den nye undersøkinga Icils 2013 (International Computer and Information Literacy Study), som samanliknar den digitale dugleiken hos elevar i ungdomsskulen i 18 land. I Noreg har 138 skular vore med.

LES OGSÅ: Zoomiespel inn i klasserommet

Tsjekkia best
Tsjekkia er det landet som skårar best i undersøkinga, men Noreg ligg like etter saman med Polen, Sør-Korea og Australia – og føre til dømes Tyskland. Vel 30 prosent av dei norske elevane plasserte seg på dei to høgste nivåa, mot eit gjennomsnitt på 23 prosent for alle landa.

Jentene presterer òg jamt betre enn gutane i alle dei 18 landa som er med, Noreg inkludert.

– Det er gledeleg at dei norske elevane skil seg ut positivt når det gjeld digitale ferdigheiter, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Digitale ferdigheiter er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i den norske skulen i tillegg til lesing, skriving, rekning og evna til å uttrykkje seg munnleg. Det er viktig med tanke på vidare utdanning og arbeidsliv at alle elevar lærer å bruke IKT på ein fornuftig måte, og at dei får god digital dømmekraft, seier han.

LES OGSÅ: Dårleg personvern i skulen

Lite data på skulen
Sjølv om mange av dei norske elevane meistrar det digitale godt, bruker berre 8 prosent av dei dagleg datamaskin på skulen. Heime bruker 75 prosent pc kvar dag, viser undersøkinga. På vekesbasis er vel halvparten innom datamaskina på skulen.

Sjølv om lærarane i Noreg er meir positive til å bruke IKT i undervisninga enn lærarar i andre land, bruker dei slike digitale læremiddel nokså lite. Mens 15 prosent av lærarane i dei 18 landa brukte slike læringsressursar ofte, var talet i Noreg berre 6 prosent.

LES OGSÅ: – IKT har redda kinesisk

– Lærarane treng kompetanse
Utdanningsforbundet meiner det står på kompetansen, og at skulane må utnytte den motivasjonen som finst der betre.

– Dette viser at det er viktig at skulane blir enda betre på å gi lærarane høve til å utvikle den digitale kompetansen. Over halvparten av lærarane opplever at skulen ikkje legg godt nok til rette for dette, sjølv om lærarane ønskjer det, seier nestleiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Samtidig seier fleirtalet av skuleleiarane i undersøkinga at dei prioriterer kompetanseheving i IKT hos lærarane.

Det er forskingsorganisasjonen The International Association for the Evaluation of Educational Achievement (IEA) som har stått for koordineringa av Icils 2013. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE