– Eit viktig steg mot eit grønare samfunn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kommunane bør bruka makta si

Eid-ordførar Alfred Bjørlø (V) seier han er utruleg glad for at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) trekkjer seg ut av alle selskap som har meir enn 50 prosent av inntekta frå kol.

Det var Eid kommune som først tok initiativet til å få KLP ut av kol. KLP leverer pensjons-, finans- og forsikringstenester til kommunar og fylkeskommunar over heile landet.

– Det byrja med at me i fjor vedtok å sjå på korleis alle investeringane våre kunne få ein grøn profil, fortel Bjørlo til Framtida.no.

Han følgde opp med å ha møte med KLP og skriva brev til dei.

– Dei svarte at dei gjorde som eigarane deira (kommunane) ville, og at dette var første gong nokon spurde dei om dette. KLP tok tak i dette på eigarmøta dei hadde, og fekk positive tilbakemeldingar.

Eid-ordføraren meiner denne historia viser at kommunane kan gjera meir for å få til større endringar, enn mange er klar over.

LES OGSÅ: – Omstillinga må byrja i dag

Flyttar halv milliard
KLP reknar med at vedtaket vil medføra sal av aksjar og obligasjonar på i underkant av 500 millionar kroner.

Like mykje skal samtidig investerast i fornybar energi, varslar pensjonsfondet. Desse investeringane skal skje i framveksande økonomiar.

Avgjerda er eit bidrag til «eit heilt nødvendig skifte» frå fossilt brensel til fornybar energi, meiner KLP.

– Vi har lenge vore ei viktig finansieringskjelde for norsk vasskraft og har vesentleg større investeringar i fornybar energi enn i olje-, gass- og kolselskap samla, seier KLPs konsernsjef Sverre Thornes i ei pressemelding.

– Samtidig sel vi oss ut av kolselskapa for å gje eit signal om at det er nødvendig å gjennomføre eit skifte frå fossilt brensel til fornybar energi, seier han.

LES OGSÅ: Her er verdas grønaste økonomi

Ventar med olje og gass
Ifølgje ei utgreiing frå KLP er det ikkje venta at det vil svekkje avkastinga vesentleg å trekkje seg ut av kolselskapa.

– Dette er eit viktig steg mot eit meir klimavennleg samfunn. Eg håpar dette er snøballen som byrjar å rulla, seier Alfred Bjørlo og meiner utgreiinga til KLP viser at det er ingen veg tilbake for Statens pensjonsfond – utland – det såkalla oljefondet.

Førebels er det ikkje aktuelt for KLP å trekkje seg ut av olje og gass.

– Eg har respekt for at det er meir komplisert når det gjeld olje, og gass. Men ei dreiing mot meir fornybar energi vil tvinga seg fram etter kvart.

TEMA: DET GRØNE SKIFTET