Seks av ti ungdomsskulelærarar i Noreg seier dei har problem med å motivere umotiverte elevar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Norske lærarar føler dei meistrar undervisninga dårlegare enn lærarar i andre land gjer. Noreg er også blant dei som gir lærarane minst fagleg påfyll. Det kjem fram i lærarundersøkinga TALIS, der ungdomsskulelærarar i 32 OECD-land (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) deltek, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ:Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

– Ikkje bevis for at lærarane er dårlege
Norske ungdomsskulelærarar ligg nesten heilt på botn når dei sjølve vurderer kor godt dei meistrar undervisninga og klarer å engasjere elevane.

– Det er ikkje bevis for at lærarane er dårlege. Men dersom dei ikkje har tiltru til det dei held på med, kan ein lure litt. Det er grunn til å sette utropsteikn ved at dei vurderer eiga evne til å meistre dette såpass svakt, seier ein av forskarane bak rapporten, Per Olaf Aamodt ved forskingsinstituttet Nifu.

LES OGSÅ: Vil mangla 38.000 lærarar i 2025

– Handler om tryggleik i lærarrolla
Spørsmål som i kva grad lærarane klarar å gi alternative forklaringar når elevane er forvirra og om dei klarar å stille elevane gode spørsmål, vart brukt som mål på meistring av undervisninga. Berre lærarane i fire andre land vurderte eigne evner lågare enn dei norske.

Når det gjeld evna til å engasjere elevane, kjem Noreg endå dårlegare ut. Berre Tsjekkia og Japan har lågare score, medan Danmark hamnar heilt i toppen.

Dei norske forskarane kallar resultata urovekkjande.

– Dersom du sjølv seier at du er ein dårleg journalist, kan det vere at du er det også. Dette handler om tryggleik i lærarrolla, og tyder på ei slags uvisse om dei faktisk gjer dette rett, seier Aamodt. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE