Må ikkje havne i ei skuff

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under Zero-konferansen før helga hadde Rajendra Pachauri – leiaren i FNs klimapanel – teke turen til Oslo for å spreie kunnskapen han har hatt ansvar for å samle i den siste rapporten frå panelet.

– Rapporten må ikkje havne i ei skuff. Vi må gå ut og skape medvite og handling, då har vi gjort vår jobb, sa Pauchari under eit seminar på Youngstorget, der han og to av forskarane i panelet gav dei frammøtte kortversjonen av den mange tusen sider lange rapporten.

Forsiktig håp om internasjonal avtale
Fleire av føredragshaldarane på seminaret uttrykte forsiktig håp fram mot dei internasjonale klimaforhandlingane, som skal finne stad i Paris i 2015.

Målet med møtet er å bli einige om ein ny klimaavtale, som skal redusere utslepp frå alle verdas land. Landa er svært ueinige i korleis den nye avtalen skal sjå ut. Spørsmål som kor mykje kvart land skal kutte, kor forpliktande avtalen skal vere, og korleis ansvaret skal vere fordelt, er blant dei uavklara spørsmåla.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Det finst i dag ingen internasjonal avtale som regulerer kor mykje kvart enkelt land må kutte i utslepp. Dette trass i at FNs klimapanel er tydelege på dei globale utsleppa minst må verte halvert innan 2050, og vidare kuttast ned mot nesten null i år 2100 om vi skal nå togradersmålet.

– Eit utval av verdas mest talentfulle forskarar har lagt ned ekstremt mykje arbeid i synteserapporten. Dette gjer den essensiell for beslutningstakarane. Det er opp til styresmaktene og folket korleis de vil følgje opp rapporten, men eg vil oppmode politikarane til å setje av nok tid til å gå gjennom forskinga, sa Pachauri.

– Treng ein fleksibel internasjonal avtale
Forfattar i FNs klimapanel, David G. Viktor, var også blant føredragshaldarane på seminaret. Han var oppteken av at ein internasjonal klimaavtale må vere fleksibel.

– Det er vanskeleg for styresmaktene i ulike land å vite akkurat kva dei kan levere av utsleppsreduksjonar. Difor må ein internasjonal avtale lage rom for ulike nasjonale strategiar, sa Viktor, som høyrer til ved Universitetet i California.

Han løfta samstundes fram eit auka fokus på enkeltståande avtalar mellom ulike land, slik som den nye avtalen mellom USA og Kina.

 – Men vi treng ein fleksibel paraplyavtale for å handtere klimaendringane, sa Viktor.

Også Jos Delbeke, leiar i EU-kommisjonen for klimaspørsmål, la vekt på avtalar mellom land.

– Bilaterale samarbeid kan vere like viktige som multilaterale avtalar for å få til endring. Slike samarbeid gir grunn til optimisme, sa Delbeke.

– Næringslivet vaknar
Hanne Bjurstrøm er spesialrådgjevar i Klima- og miljødepartementet og har leia den norske innsatsen i klimaforhandlingane. Også Bjurstrøm uttrykte ein forsiktig optimisme før klimamøtet neste år.

– Frå Ban Ki Moons klimatoppmøte i New York kom mellom anna viktige signal på at privat sektor syner eit anna medvite og ein annan aktivitet enn før, med mange spanande tiltak. Næringslivet held på å vakne, no treng vi dei riktige rammevilkåra, sa Bjurstrøm.

Ho trur likevel ikkje forventingane bør vere for store før forhandlingane i Paris i 2015.

– Dersom ein kan lande ein avtale der alle land, også  landa der den største veksten er, er med, så har vi teke eit viktig skritt i riktig retning. Eit anna viktig steg er å få på plass eit system for å måle og samanlikne utsleppsreduksjonane landa gjer, sa Bjurstrøm.

Klimarådgjevaren meiner ikkje at eit slikt utfall av møtet nødvendigvis vil vere for dårleg. Ho meiner det er viktig at landa kjem ut av forhandlingane med ein annan tone enn etter møtet i København, då mange vart skuffa.

– Møtet bør ikkje bli oppsummert som mislukka, med det resultat at ein set ein dato for eit nytt møte og skyv avgjerslene fem år fram i tid. Vi må ha ein avtale som opnar for mange og betre insentiv til handling, sa Bjurstrøm.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar