– For oss er norsk sjølvsagt nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kleven Maritime fekk tildelt Nynorsk næringslivspris på landrådsmøte i Noregs Mållag.

– Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for Nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt, seier Sveinung Rotevatn, leiar for juryen.

– Vi er båtbyggjarar i ein internasjonal marknad der det meste er på engelsk, men vi har valt å bruke både engelsk og norsk. Og for oss er norsk sjølvsagt nynorsk, smiler Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonssjef i Kleven Maritime, då ho takka for prisen.

Totalt har konsernet om lag 770 tilsette. Det er eit familieeigd selskap, med djupe røter i lokalsamfunna i Gursken og Ulsteinvik.

I grunngjevinga frå  juryen heiter det mellom anna:

«Kleven Maritime A/S har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn i skipsindustrien, innanfor både nybygg og service. Kleven opererer innanfor ei tradisjonsrik næring, og har eit breitt nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt.

Konsernet er nominert til næringslivsprisen frå fleire hald. Grunngjevinga er den gode og konsekvente nynorskbruken i ein bransje der bokmål og engelsk er dominerande. Dette er ei grunngjeving juryen kan slutte seg til.

Kleven har eit medvite syn på val av målform, både internt og eksternt. Verksemda har mange utanlandske tilsette, og legg vekt på god norskopplæring av desse.»

Under ONS i Stavanger 2014 fekk Kleven pris som ei av dei beste utstillingane på oljemessa, og i grunngjevinga trekte juryleiaren fram at verksemda nytta verdigrunnlaget på nynorsk som slagord og blikkfang. Dette er eitt av fleire døme på at den aktive språkbruken også har vore ei føremon for verksemda.

– Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt, seier Sveinung Rotevatn. Med seg i juryen har han hatt med seg Nina Refseth, Nina Berge Rudi, Magne Aasbrenn og Hilde Lysengen Havro.