Studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane stiller nakne i protest mot skulepengar.

Ein stad i dei tøffe budsjettforhandlingane står spørsmålet om skulepengar. Etter kvart som forhandlingane blir hardare, aukar frykta for at saka skulle drukna i det heile – og Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane greip etter meir desperate hjelpemiddel.

Heilt utan ein tråd stiller studenar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane opp – anten med stumpen mot kamera eller berre dei aller mest sentrale kroppsdelane dekka av eit banner. Der står det «#Stopp Skulepengar».

– Du kan kanskje kalla det desperasjon. Det er jo kynisk å bruka kropp, for ein veit at det funkar. Men me tenkte det var viktig å få opp denne saka. Eg er redd det blir mindre viktig for dei fleste partia i budsjettforhandlingane, seier Tollak Mikal Kaldheim, leiar av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Miljøpartiet dei Grøne nest størst i ny måling

Feil veg å gå
Reaksjonane på stuntet har vore utelukkande positive, fortel Kaldheim, som forventa litt reaksjonar på bruken av nakenheit.

– Me pleier å sei at me føler oss nakne utan internasjonale studentar, men utanom det har det jo ingenting med saka å gjera, fortel Kaldheim.

Då forslaget til Statsbudsjettet vart lagt fram tidlegare i haust, var punktet om å innføra skulepengar for studentar frå land utanfor EU og EØS noko mange studentar over heile landet reagerte kraftig på. Også Kaldheim.

– Me meiner det er heilt feil veg å gå. Me vil jo ha fleire internasjonale studentar. Då dei innførte skulepengar i Sverige såg me at tala gjekk ned med 79 prosent, og me er redde for at det same skal skje her. Derfor gjekk me drastisk til verks.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

Går like mykje ut over oss
No er Kaldheim spent på kva som skjer framover. Måndag er den internasjonale studentdagen – kanskje kastar fleire seg på demonstrasjonen då.

– Me håpar jo på det, så me får meir merksemd rundt saka.

Kaldheim innrømmer at han er bekymra for kva utfallet av budsjettforhandlingane vil ha å seia for dei internasjonale studentane.

– Heilt ærleg er eg meir usikker no enn for to veker sidan. I starten fekk me inntrykk av at denne saka var veldig viktig for Venstre, og at det ikkje ville gå gjennom. No er eg redd dei finn viktigare saker å kjempa for.

Han meiner at skulepengane vil råka norske studentar like hardt som dei internasjonale.

– Det er snakk om typiske land me kunne trengt på Høgskulen. Kinesiske, amerikanske og russiske studentar som det hadde vore bra for studentane å ha omgang med. Dette går like mykje ut over oss, dei internasjonale studentane reiser berre ein annan plass for å studera, seier Kaldheim.

Det er typiske land me kunne trengt på høgskulen – kinesiske, amerikanske, russiske studentar det hadde vore bra for studentane å få omgang med. Det går like mykje ut over oss som er her som det går ut over dei. Dei reiser berre ein annan plass.

LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspengane

Begeistra NSO-leiar
Også Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), har fått med seg stuntet. Han er begeistra. 

 – Eg tykkjer dette er eit strålande påfunn av studentane i Sogndal. Det er både humoristisk og skapar merksemd rundt saka.

Er det rett måte å demonstrera på? Dei seier sjølv at den einaste koblinga mellom nakenheit og internasjonale studentar er at dei føler seg nakne utan.

– Og det er ei fin kobling! Eg tykkjer det er fint at dei får med fleire enn akkurat dei tillitsvalde. Det viser at internasjonale studentar er viktige for studentmiljøet, og det er bra dei får oppslag, seier Kvernmo Langset.

Når den internasjonale studentdagen kjem på måndag, har ikkje NSO nasjonalt pønska ut noko liknande. Kvernmo Langset fortel at det blir ei lang rekke ulike arrangement over heile landet.

– Denne dagen har ikkje blitt markert i Noreg på mange år, men når regjeringa kjem med eit slikt forslag er det grunn til å markera.

Kvernmo Langset deler bekymringa til Kaldheim for at spørsmålet om skulepengar skal drukna i budsjettforhandlingane.

– Men det er gledeleg at både KrF og Venstre har vore veldig tydelege før forhandlingane om at dei ikkje går inn for forslaget. Det skal i utgangspunktet ikkje vera fleirtal for det, men me torer ikkje kvila før det er kasta ut av Stortinget, forhåpentlegvis for godt denne gongen.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk å sova lengre om morgonen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE