Folket som ventar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Asria Mohamed og Erik Hagen småspring gjennom regnet. Asrias føter verkar og trillekofferten veltar stadig. Dei to er frå Støttekomiteen for Vest-Sahara og dei er seint ute til dagens andre presentasjon.

– Det er alltid slik, seier Asria, og smiler oppgitt.

Dei hastar forbi nordmenn på laurdagshandel, som roleg traskar gatelangs i Bogstadveien på Majorstua i Oslo. I skumringa kan ein så vidt høyre taktfaste rop frå ei av sidegatene.

Ropa kjem frå saharawiske demonstrantar og deira støttespelarar. Kring 15 personar har samla seg utanfor Marokkos ambassade denne laurdagen. Dei roper for lauslating av politiske fangar og mot oljeboring i Vest-Sahara.

Asria og Erik spring frå demonstrasjonen for å rekkje eit møte med Europeisk Arbeiderungdom. Erik tel minutta, sjekkar stadig mobilen og ser seg om etter trikken. Den må komme no.

LES OGSÅ: Vart bønnhøyrt for 25 år sidan – ei historie om Berlinmuren

bilde3klar

Som styremedlem i Støttekomiteen for Vest-Sahara held Asria foredrag om situasjonen i Vest-Sahara.

Ventar på folkerøysting
Vest-Sahara vert kalla Afrikas siste koloni. Sidan den spanske kolonimakta trakk seg ut i 1975, har landet vore okkupert av Marokko. Same år slo den internasjonale domstolen i Haag fast at Marokko ikkje har krav på området. Sidan har FNs generalforsamling og sikkerheitsrådet gjentekne gongar stadfesta saharawiarane sin sjølvråderett. I Marokko er oppfatninga ei anna. Der vert Vest-Sahara rekna som ein del av landet.

Halvparten av den saharawiske befolkinga bur i flyktningeleirar i Algerie. Den andre halvparten bur i Vest-Sahara, der det stadig kjem rapportar om dårlege kår for ytrings- og organisasjonsfridom. Her bur det fleire marokkanske militære eller politi, enn saharawiarar, ifølgje Støttekomiteen for Vest-Sahara.

BAKGRUNN: Omstridd oljeboring i Vest-Sahara

Tilbake i Oslo har trikken omsider rulla ned Bogstadvegen mot Jernbanetorget. Erik har fått sjokolade og litt vatn, og saman med Asria har han sprunge inn dørene på Thon Hotel Opera.

Erik er leiar og Asria er styremedlem i Støttekomiteen. Organisasjonen er den einaste i verda som arbeider fulltid med Vest-Sahara-konflikten. Lobbyverksemd, mediearbeid, tilrettelegging av reiser til Vest-Sahara, og rapportering om overgrep, er berre noko av det dei held på med.

Dagen før denne laurdagen har Erik vore i Alta og halde presentasjon, same dag har han og Asria vore på Senterungdommens landsmøte. Erik gjer over 100 presentasjonar i året, alt i håp om å korte ventetida til det vest-saharawiske folket.

bilde4klar

Vest-Sahara vert kalla den siste kolonien i Afrika. Sidan 1975 har området vore okkupert av Marokko.

LES OGSÅ: Me har fjerne slektningar i Himalaya

Finn éin feil
Inne på Thon Hotel har Asria vrengt av seg gensaren. Under har ho på seg ei blå t-skjorte med eit kart over Afrika på. “Finn éin feil”, står det. Eit land er merka i raudt.

Då 28-åringen voks opp i ein leir i den algeriske ørkenen, var representantar frå FN, Den afrikanske union og andre utlendingar er eit vanleg syn.

– Eg såg alle som kom og vitja, og eg var sikker på at alle der ute var opptekne av å finne ei løysing for Vest-Sahara. Men då eg kom til Noreg innsåg eg at folk ikkje veit kva som føregår. Mange har ikkje ein gong høyrt om Vest-Sahara, seier ho til ungdomspolitikarane i Europeisk Arbeiderungdom, eit nettverk av unge sosialdemokratar i Noreg som er for norsk EU-medlemskap.

LES OGSÅ: Sverige anerkjenner Vest-Sahara

Ho fortel om livet i flyktningleirane. Om avhenga av naudhjelpsorganisasjonar. Om mat som stilnar svolten, men som ikkje gir nok næring. Om overgrep og sensur i heimlandet. Og om å vakne kvar morgon og koke te medan ein ventar.

– Vest-Sahara er eit rikt land. Vi har fisk, fosfat og sannsylegvis ein god del olje. Det er ikkje pengar vi vil ha. Det er fridom, avsluttar ho.

bilde5klar

Som leiar i Støttekomiteen for Vest-Sahara er Erik Hagen ein av berre to som arbeider fulltid med Vest-Sahara-konflikten i verda.

Ein asymmetrisk konflikt
– Det folkerettsstridige ved okkupasjonen er soleklårt. Likevel vel statar å nedkommunisere dei folkerettslege aspekta ved konflikten, til dømes ved tåketale som å kalle Vest-Sahara eit ikkje-sjølvstyrt område framføre eit okkupert område. Sannheita er at det er begge deler på ein gang, men statar vel å berre framheve det eine. Den saharawiske frigjeringskampen er fredeleg. Så lenge den er det, er den lett å ignorere, seier Erik.

Både han og Asria ligg meir enn dei sit i ein sofa i lobbyen på Thon Hotel. Ein hektisk laurdag i frigjeringas teneste er snart slutt.

– Det mest frusterande med å jobbe med Vest-Sahara-konflikten, er at korkje politikarar, investorar, selskap eller myndigheiter vert haldne ansvarlege for mangelen på ryggrad. Saka er så lite kjent at ein lett kjem unna med å ikkje hjelpe saharawiarane. Norske myndigheiter seier konflikten er viktig, men prioriterer den ikkje, held Erik fram.

LES OGSÅ:Stilla er fridomens fiende

Han har gjeve ungdomspolitikarane eit innblikk i dei mange vanskelege spørsmåla knytt til Vest-Sahara, som at EU har inngått ein avtale med Marokko om å kjøpe fisk som er fiska i saharawisk farvatn. Eller at om eit par veker vil oljeselskapet Kosmos Energy vere på plass i dei same farvatna, for å bore etter olje. Han har peika på at Marokko er det einaste afrikanske land som ikkje er med i Den afrikanske union (Vest-Sahara er medlem) og han har stilt dei spørsmål om det er rett at EU kan selje tomatar frå Vest-Sahara som «marokkanske» tomatar.

Ungdomspolitikarane spør om Erik kan kommentere regjeringas forslag om å fjerne informasjonsstøtta til friviljuge organisasjonar.

– Dersom det skjer, må vi leggje ned mesteparten av aktivitetane. Då er det heller ikkje lenger nokon i verda som jobbar fulltid med konflikten, seier Erik.

I sofaen i lobbyen etterpå utdjupar han det frusterande ved å arbeide med konflikten.

– Denne konflikten er svært asymmetrisk. På den eine sida står staten Marokko, som er FN-medlem, har ambassadar i andre land og kan delta i forhandlingar. På den andre sida står eit folk som fell mellom alle stolar. Korleis kan ein finne ei fredeleg diplomatisk løysing, når berre den eine parten har diplomatiske pass, spør han.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

bilde8klar

Asria og Erik med det saharawiske flagget, som er forbode i Vest-Sahara. Ein lang dag i frigjeringas namn er omme, men kampen er langt frå slutt.

Draumar om ein heim
Medan Erik forklarar, tek Asria ein pust i bakken. Ho har gjort det ho kom for; fortalt om livet i flyktningleiren og kampen for fridom. Ho har svart på spørsmåla som nokre gongar gjer henne så sliten, om kvar ho eigentleg kjem frå.

– Nokre gongar unngår eg sosiale samanhengar fordi det ofte blir ein slik presentasjon som i dag. Eg trur ikkje folk skjønar korleis det kjennest å ikkje høyre til nokon plass, seier ho.

Asria kjenner berre heimlandet gjennom historiene til foreldre og besteforeldre. Ho saknar eit heimland ho aldri har sett.

– Heimlandet mitt eksisterer kanskje ikkje som eit eige land på kart eller i skulebøkene. Men i draumane og hjarta våre eksisterer Vest-Sahara.

LES OGSÅ:Det gløymde sviket