– Ovleg gildt å få Kringkastingsprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisar Norheim

– Eg har eit eige prosjekt om å ta opp sovande ord. Difor seier eg ikkje at eg er veldig, veldig, veldig glad, men at det er ovleg gildt å få Kringkastingsprisen. Det er ein pris som går rett inn i kjernen på det eg jobbar med. I radio på nynorsk, sa NRK-journalist Marta Norheim då ho i dag fekk Kringkastingsprisen.

LES OGSÅ: Heidra for nynorsk i fjernsynet 

Godt selskap
Kringkastingsringen har sidan 1978 delt ut prisen til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Blant tidlegare vinnarar finn me mellom anna Ingunn Solheim, Arne Hjeltnes, Siri Lill Mannes, Are Kalvø, Ingrid Espelid Hovig og Oddgeir Bruaset.

I år var turen komen til journalist og litteraturkritikar Marta Norheim.

LES OGSÅ: TV2-anker heidra for nynorskbruk 

Kulturkoloss
58-åringen frå Voss har jobba i NRK i over 25 år og kan reknast som ein veteran i medielandskapet.

Norheim har markert seg på kulturfeltet gjennom program som Kulturoperatørane, Askeladden, Kritikartorget, Boktilsynet og Bok i P2, og ho har jobba med P2-lyttarane sin romanpris. Marta Norheim er òg blant skribentane på NRK-bloggen Bokbloggen.

Kringkastingsringen meiner årets vinnar i ei årrekkje har sytt for god, normalisert nynorsk i radio.
«Marta Norheim er ikkje først og fremst nynorskbrukar – ho er ein fagleg sterk litteraturkritikar med særs god formidlingsevne. Nett difor er ho ein god og viktig representant for nynorsken. Ho har gjennom fleire år brukt eit godt nynorsk språk som verktøy i si formidling, og ho har med dette vorte ein av dei mest populære litteraturkritikarane i dag,» heiter det vidare i pressemeldinga frå Kringkastingsringen.

Faktaboks

Marta Norheim (fødd 1955)

Journalist og litteraturkritikar

Frå Voss i Hordaland, busett i Oslo

Har tidlegare motteke Kritikarprisen (2002) og Språkprisen (2012).