Han er så fargeblind at alt er i gråtonar. Men med ei antenne på hovudet blir fargar til tonar.

BBC møtte kunstnaren Neil Harbisson, som ser litt spesiell ut der han vandrar rundt på gata. I tillegg til det fargerike antrekket og den framtredande bolleklippen har Harbisson ei antenne som stikk ut av hovudet.

LES OGSÅ: Teknologien som vil endre liv

– Eg er teknologi
Med antenna si kan han høyra fargar. Sjå intervju hos BBC.

– Eg brukar ikkje teknologi, eg er teknologi. Dette er ein kroppsdel, seier Neil Harbisson i intervjuet og peikar på antenna si.

Antenna registrerer lyset og fargane den er retta mot, og gjer dei signala om til vibrasjonar i øyret til Harbisson. Slik blir det lyd.

Harbisson er og mannen bak Cyborg foundation

LES OGSÅ: Nytt batteri varar i 20 år

Ein cyborg
Med antenna si kan han og sjå eit større fargespekter enn me kan med våre auger – til dømes favorittfargen infraraud.

Harbisson brukar antenna til å laga kunst – mellom anna lagar han «lydportrett» av ansikta til folk – ved å analysera fargetonane i ansiktet set han saman ei mp3-fil, så du kan høyra ditt eige ansikt.

LES OGSÅ: Er app-tida over?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE