Er app-tida over?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har utviklinga innan smarttelefonar eksplodert – den vetle skjermen i lomma har blitt ein større del av livet. Alle selskap og nettsider har ein eigen app, og det blir berre fleire.

Business Insider konkluderer med at appen sine dagar openbart er over, og diskuterer ulike moglegheiter for kvar mobilbruken kan gå vidare. Kvittar me oss med appen fullstendig, eller er det endå fleire som er løysinga?

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Den vetle, effektive
Ein app er, om det skulle vera uklart, eit program som blir køyrd direkte på telefonen – ofte som ein erstatning for å bruka nettlesaren og søka seg fram til nettstaden du vil besøka.

Til no har det spart tid, skriv Business Insider. Mykje fordi søkefunksjonar på mobiltelefonar framleis brukar lang tid, og fordi appen tilpassar innhaldet til små skjermar på ein måte nettlesararane ikkje heilt klarar endå.

Når det berre blir meir og meir informasjon på nettet, og alle skal ha sin eigen app – då seier det seg sjølv at det ikkje er plass til alle på heimeskjermen.

LES OGSÅ: Har du prøvd amme-appen?

Appsjuka
At det er enormt mange appar der ute, er ikkje vanskeleg å sjå. På App Store, som og tradisjonelt har hatt strengare krav for å komma inn enn til dømes Google Play, har talet på appar auka frå 85 000 i september 2009 til 1,3 millionar i september i år, ifølgje Wikipedia. Berre frå august til september auka talet med 100.000.

I juli skreiv NRK om «appsjuka», eit namn Computerworld-redaktøren Aslak Borgersrud sette på trenden med at «alle» i offentleg sektor skal ha sin eigen app.

Dømet dei såg på var appen #meg, lansert av barne- og familieminister Solveig Horne. Appen skulle hindra tvangsekteskap, kosta mellom ein halv og ein million kroner – og hadde blitt lasta ned 70 gonger då NRK skreiv saka.

– Det er ein sjukdom i offentleg sektor der ein trur at ein må laga appar for einkvar pris, fordi det er der ein trur ungdommen er. Det viser seg å vera feil, sa Borgersrud til NRK den gongen.

LES OGSÅ: Flygebrettet er her

«Homer»

I jungelen av appar er det eit fåtall som faktisk blir brukt hyppig – det kan du sjå sjølv ved å ta ein smugkik på telefonskjermen til naboen – han sjekkar vel som oftast Facebook og Instagram han og.

The Verge tek føre seg det same temaet i denne artikkelen – kva er eigentleg framtida til appen?

Dei skriv om appen «Homer» ein app som er laga for å gi app-anbefalingar basert på kva andre appar som blir brukt av folk rundt deg.

Forutan å vera eit strålande døme på at appsjuka ikkje berre gjeld offentleg sektor, har «Homer» faktisk gitt ei nyttig oversikt over kva appar som faktisk blir brukt og som har nytte – ikkje berre kva som blir lasta ned. Resultatet var at eit fåtal av appane faktisk enda på heimeskjermen.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Kva no, Appstore?
Det skal heller ikkje vere slik at ein har hundre ulike appar på heimeskjermen. Det er ikkje plass, eller ei praktisk løysing å gjera det på den måten. Business Insider, som baserer mykje av sin artikkel på bloggen til Intercom, konkluderer med at ein heimeskjerm full av appar er noko me snart må legga frå oss.

Likevel brukar me informasjonen me får frå appane, ofte i form av pushvarsel. Nina likte biletet ditt, Eivind inviterte deg til arrangementet sitt, og Aftenposten gir deg valresultata frå Ukraina utan at du treng å gjera meir enn å senda eit kjapt blikk mot telefonen din.

Intercom jobbar med å gjera Internett-opplevinga lettare. Meir saumlaus og intuitiv – kortast mogleg veg mellom fingertuppen og det du ser etter, rett og slett. Produktsjefen Paul Adams trur framtida ligg i innhaldskort, ikkje appar.

LES OGSÅ: Gis bort: Vitskapleg kunnskap

Eit innhaldskort?
Eit innhaldskort blir skildra som det du ser i den innebygde tweeten under – eit kort som dukkar opp med informasjon – til dømes invitasjonen til festen til Eivind – og utan å gå inn gjennom den tunge appen har du allereie sagt ifrå om at du kjem og lagra avtalen i kalenderen din.

 

 

Det er ikkje langt til desse løysingane – fleire appar har allereie slike moglegheiter, og då er ikkje vegen lang til å sløyfa appen i det heile. Også Infoworld meiner funksjonsløysingar – plug-ins – er ei løysing for framtida, i staden for å utvikla nye appar heile tida.

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Eller bruk-og-kast-app
Alternativet er at talet på appar held fram med å auka kraftig, og blir meir spesialiserte. Eit lite døme på dette er Buzzfeed, som no snart lanserer ein eigen app for nyheiter – så den eksisterande appen blir brukt mest til underhaldning.

Det er spesialisert, og på mange måtar i takt med den vegen Internett og smarttelefonen går – kvar mobil si løysing. Men er ein eigen app løysinga?

Kanskje er det det. Fleire appar med meir spesialiserte bruksområde kan vera eit alternativ til å forkasta appen fullstendig. Me ser døme på det kvar festivalsommar – Øya-appen som gjer nytten på telefonen din nokre få dagar og sørgar for at du rekk konsertane du vil sjå, før den nådelaust blir kasta søndag morgon.

Billigare appar med meir begrensa bruk kan fungera fleire stader – til dømes kan du lasta ned guiden til kjøpesenteret du rotar rundt på, eller kanskje ei oversikt over biblioteket du har gått deg vill i når du er på ferie. Moglegheitane i å laga bruk-og-kast-appar blir og diskutert i denne blogg-posten.

Uansett kjem det store endringar på mobilskjermen din i åra som kjem.

LES OGSÅ: Skjønar ikkje teknospråket