Arkivverket har lansert appen «Gotisk håndskrift». Appen er eit lite kurs i gotisk handskrift du kan ta med deg i lomma og henta fram når du vil.

Ole Skaten, Tysverbladet
Ole Skaten, Tysverbladet

Artikkelen vart først publisert i Tysnesbladet

Treng du hjelp til å lesa eit ord eller to, vil du læra gotisk handskrift frå grunnen av, eller treng du å friska opp gamal kunnskap? I alle tilfelle kan den nye appen vera til hjelp.

LES OGSÅ: Har du prøvd amme-appen?

Utgangspunktet er ei kyrkjebok med svært fin og tydeleg handskrift frå kring 1850. Frå denne boka er det valt ut hundre vanlege ord, som du kan øva deg på å lesa. Det finst også eit fullstendig alfabet, der du kan etterlikna bokstavane ved å skriva dei med fingeren på skjermen. Og ikkje minst: Appen inneheld ein nyutvikla gotisk «handskrifts-font». Skriv du inn eigne ord og setningar på tastaturet ditt, vil du kunne sjå korleis det tek seg ut med gotisk handskrift.

LES OGSÅ: Er app-tida over?

Appen er utvikla i samarbeid med byrået Vangen&Plotz på Hamar. Appen kan lastast ned gratis frå Google Play og App Store, og fungerer både på smarttelefon og lesebrett, men har enkelte avgrensingar på telefonar med eldre programvare. Virkar ikkje på pc.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE