Unge gutar heilt ned i 13-årsalderen kontaktar Dopingtelefonen. Det er lett å gløyme at kroppspresset i dagens samfunn påverkar begge kjønn.

mm

– Dei er heilt vanlege gutar. Dei er verken gangsterar eller toppidrettsutøvarar, men studentar og folk i jobb. Det er ikkje berre ein type folk, seier forfattar Annette Münch.

Ho har skrive boka Badboy:Steroid, som er nominert til Brageprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok.

LES OGSÅ: Drøymer om Brad Pitt 

Angrar ikkje
I researcharbeidet har ho vore i kontakt med både fagfolk og fleire unge gutar og menn, som brukar anabole steroidar. Fem av desse hadde ho jamleg kontakt med over tre år. Det har gitt ho ein unik innsikt i eit miljø som elles er lukka –og som kjenner seg lite att i medieoppslaga om dei.

Gjennom forfattaren har Framtida.no spurt ein av kjeldene, ein mann midt i 20-åra, som i dag jobbar som dagleg leiar i Molde-regionen om kvifor han byrja.

– Eg er faktisk litt usikker på kvifor eg byrja med steroidar. Kanskje låg det litt i korta at eg og kompisane mine kom til å byrje med det. Me var jo aldri spesielt tamme i tenåra og med mykje uro og kaos rundt oss så var det vel ein heilt naturleg ting den gangen, svarar den unge mannen, som tok sin fyrste kur som 17-åring.

I perioden frå han var 19-24 år gjekk det slag i slag med kurar.

– Eg kan ikkje seie eg angrar nemneverdig på at eg har brukt anabole steroidar. Det er vel ein del ting eg angrar på at eg gjorde då eg brukte steroidar, men om ein veg opp det positive mot det negative så går det vel rimeleg i null trur eg. Steroidane ga meg ein kropp tidlig i 20-åra som imponerte meg veldig, og som fleire av venene mine enno pratar om når me mimrar tilbake. Det kan vel også nemnast at eg i ettertid sannsynlegvis har fortrengt dagane kor det var vondt å bruke steroidar, men alt i alt så slutta eg med det frivillig og har ingen biverknadar av bruken i form av angst, depresjon osv, skriv han vidare.

LES OGSÅ: – Må slutta å vera naive 

Psykisk avhengigheit
Haldningane hans går igjen hjå fleire av dei Münch har vore i kontakt med.

– Det påverkar dei familiane og pårørande det gjeld i stor grad. Aggresjonen er ofte eit problem.  Det påverkar relasjonane deira og mange har gjort ting dei angrar på. Ein person fortalde at han slo ned besteforeldra sine. Det seier noko om kor psykisk ute av kontroll ein kan verte. Mange har oppført seg som drittsekkar. Ein vert så sjølvsentrert, fordi alt som betyr noko er kroppen din, forklarar ho.

Brukarane kritiserer gjerne måten media framstiller ”boling” på for å vere veldig svart-kvitt.

– Det finst dei som kan ta litt hormon over fleire år, og klare seg fint. Det verste er nok den psykiske avhengigheita. Når ein ser kor lett ein kjem i toppform og ein er generelt meir lykkeleg. Ein får kompliment og merksemd. For dei fleste forsvinn effekten fort. Mykje av det er jo berre vatn, som forsvinn ut av kroppen etter kuren. Ein kjenner seg bra i to månadar og kan kjenne seg dårleg i lang tid etterpå, med mindre ein tek nye kurar, forklarar ho.

LES OGSÅ: Kjærast med rus 

Søkjer ikkje hjelp
Leiar i Dopingtelefonen, Margaret Tveitan, meiner at lite kunnskap om doping er eit problem i samfunnet. Det gjeld både foreldre, som ikkje veit korleis symptoma ser ut, men òg helsepersonell, som ikkje veit korleis behandle dei fysiske eller psykiske biverknadane av dopingbruk.

Undersøkingar syner at kring to prosent av den norske befolkninga nyttar doping, men det finst truleg store mørketal.

– Særleg i Noreg vert doping sett veldig ned på. Juksing synest me ikkje noko om. Det går på vår rettferdigheitskjensle. At både kjøp, sal og besittelse er kriminalisert sender òg eit tydeleg signal. Dette gjer at mange – kanskje særleg kvinner – kvir seg for å søkja hjelp, seier Tveitan.

Dette er ei oppfatting ho delar med Annette Münch, som fortel at brukarane ofte skjular og benektar det ovanfor familie og kjærastar.

– Det er ikkje noko dei er stolte av, forklarar ho.

LES OGSÅ: Stortinget debatterer kriminalisering av doping 

– Ekstremt fokus på kropp
I fjor fekk dopingtelefonen 800 samtalar, kring 40 prosent av desse var frå brukarar. Det er alt frå gutar ned i trettenårsalderen, som anten vurderer eller har fått tak i dopingmidlar, til menn i 60-åra – som i leit på ungdomskjelda prøvar testosteron. Snittalderen på brukarane som ringer er 18 år.

– Etter konfirmasjonen er det mange som byrjar, fordi dei då har råd til det. Det er skremmande å sjå. Alle veit at det er ein risiko forbunde med dopingbruk. At det å skulle få ein stor, flott og sterk kropp overgår frykta for å setje injeksjonar i rumpa, seier eigentleg alt, meiner Tveitan, som fortel at idealet har endra seg dei siste ti åra: Målet er ikkje lenger å sjå like voldsom ut som Schwarznegger, men muskuløs og sunn.

– Alle vil ha kjappe løysingar. Det er eit ekstremt fokus på kropp, utsjånad og fasaden. Jo, færre arenaar ein hevdar seg på, jo meir utsett er ein for å kjøpe seg hjelp med utsånaden, forklarar Tveitan, som meiner det er viktig med både meir førebygging og marknadsføring av tiltak som Dopingtelefonen, slik at dei berørte veit kvar dei skal vende seg.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress 

Gutepresset
Mykje merksemd vert – med rette –retta mot presset unge jenter vert utsett for. Emneknaggar som #sommarkroppen, vert likevel brukt av både kvinner og menn. Annette Münch meiner kroppspresset gutar opplever får for lite merksemd.

– Sosiale medier betyr at ein er tilgjengeleg og vert vurdert på mange flater. Dette påverkar òg gutar. Å fokusere på presset som unge gutar opplever er viktig. Det er lite som tyder på at kroppspresset blir mindre i åra som kjem, spår Münch.

Aktiv rekruttering
Noko av det som overraska forfattaren mest i arbeidet mest var kor lett det var å få tak i anabole steroidar. Dei fleste fekk tak i det via vener. Internetthandel var ikkje like vanleg fordi dei såg på det som mindre trygt.

Fyrste halvår i år beslagla politi og tollvesen over 60 prosent meir doping enn same periode i fjor. Politiet anslår ifølgje Aftenposten at det i Noreg vert omsett doping for mellom 75 og 300 millionar kroner årleg. For mange vert bruken dyr.

Miljøet er aktivt ute og rekrutterer nye brukarar. Ingen av dei Annette var i kontakt med oppsøkte det sjølv. Dei vart tilbudt steroidar anten på gymmen eller på fest. Fleire angrar seinare på at dei ikkje takka nei.

– Kroppsfokuset vert heilt abnormt, heile livet kretsar rundt kroppen og det å halde trenings- og kosthaldsplan, forklarar Münch.

Mange brukarar opplever dessutan ekstreme emosjonelle opp og nedturar i samband med kurane. Dei kan gå frå å vere kongen på haugen, til å liggje og grine.

Likevel er det vanskeleg å slutta, når ein fyrst har sett kor raskt og enkelt det kan gje resultat.

– Eg har vanskeleg for å tru at dei nokosinne kan bli kvitt freistinga, avsluttar Münch.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE