Senterungdommen vil auka talet på vernepliktige til 16.000 innan 2022. 

mm

Senterungdommen har opplevd medlemsvekst i det siste. 1528 medlemmer er det nest høgste medlemstalet på ti år. Erling Laugsand – som på landsmøtet i helga vart valt på nytt som leiar – gjev landbruksminister Sylvi Listhaug delar av æra for auken.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

Jobbar for kamuflasjegrønt 
No vil senterungdommane òg jobba for å auka talet på vernepliktige i forsvaret – kraftig.

– Generelt meiner me at verneplikta er viktig og at fleire bør avtene den for å få den erfaringa og kunnskapen ein får der. I tillegg vil det vere positivt for forsvaret, seier leiaren i Senterungdommen på telefon til Framtida.no.

Ungdomspartiet har tidlegare markert seg som pådrivar for kjønnsnøytral verneplikt. Dei har òg jobba for å auka talet på vernepliktige, men dette er fyrste gong denne målsettinga er talfesta.

I dag gjennomfører om lag 8.000 norske ungdommar fyrstegongsteneste. Ei dobling – slik Senterungdommen går inn for – vil bety at talet på vernepliktige går opp att til år 2000-nivå.

I tillegg vil ungdomspartiet oppretta fleire alternative løp – som er kortare enn dagens vernepliktår og auka midlane til Heimevernet, slik at dei får fleire repetisjonsøvingar.

Slik skal samfunnsberedskapen styrkast.

LES OGSÅ: Trivst under streng disiplin

Fryktar svekt demokrati
I tillegg til ei grøn satsing mot skognæringa, trekk Laugstad fram eit anna landsmøtevedtak som særleg viktig: Motstanden mot dei internasjonale avtalane TTIP (Transatlantic Trade Investment) og TISA (Trade in Services Agreement).

Avtalane har vorte kritisert for å vere vanskeleg å få innsyn i – òg for dei folkevalde. Nokre av dei mest frykta konsekvensane er eit lovverk, som gjer at internasjonale selskap skal kunne saksøkja medlemslanda som følgje av politiske vedtak som kan føra til tapt profitt, og eit krav om auka privatisering av tenester.

Laugstad fryktar at desse avtalane kan svekkja demokratiet og overføra makta frå dei folkevalde til store kommersielle selskap. Det vil igjen skrenka inn moglegheitene politikarane har til å påverka.

Senterungdommen krev difor at Noreg ikkje må inngå ein handelsavtale som tek makt frå dei folkevalde politikarane.

– Eg trur dette kjem til å verte ei mykje større og viktigare sak framover. Frykta er at dette skjer bak lukka dører, avsluttar Laugstad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE