Lovverket er godt, men politikken sviktar, meiner Redd Barna.

NPK-NTB-Johan Falnes
NPK-NTB-Johan Falnes

I år er det 25 år sidan FNs barnekonvensjon blei vedtatt. I samband med det, har Redd Barna gått gjennom alle merknader som FNs barnekomité gjennom åra har komme med om Noregs oppfølging av rettane i konvensjonen.

Konklusjonen er at Noreg i stor grad har det juridiske på stell. Men det er ikkje nok, meiner organisasjonen.

– Noreg er eit godt land for barn å bu i, og deira juridiske rettar er godt tekne vare på. Men det manglar vilje til å etterleve lovverket overfor enkelte grupper av barn, seier Thale Skybak, nestleiar i Redd Barnas Noregsprogram.

LES OGSÅ: Regjeringa har kasta ut 484 asylbarn

Problemområde
I den nye rapporten identifiserer Redd Barna fleire problemområde der FNs barnekomité fleire gonger har kritisert Noreg, men der problema ennå ikkje er løyst.

Eitt av problema har vore behandling av asylbarn.

– Der har vi fått kritikk fleire gonger som ikkje er følgt opp, mellom anna om bu- og omsorgssituasjonen til einslege mindreårige asylsøkjarar, seier Skybak til NTB.

Einslege mindreårige asylsøkjarar kan bli buande fleire år på asylmottak mens dei ventar på eit endeleg vedtak. Men trass i at dei er i Noreg aleine, får dei ikkje oppfølging av barnevernet, som norske barn ville fått. Utlendingstyresmaktene har omsorgsansvaret aleine, peiker Redd Barna på.

– Redd Barna meiner dette er eit problem som den norske regjeringa må ta på alvor. Asylbarna må bli sett på som barn og ikkje berre som asylsøkjarar, seier Skybak.

Barneminister Solveig Horne (Frp) seier til NRK at mindreårige asylsøkjarar raskt skal ut i kommunane for å busetje seg, i staden for å bli buande på mottaka.

– Dei aller fleste får eit godt tilbod når dei får ein stad å bu. Det som uroar er at mange blir sitjande på mottaka. Derfor må vi få fortgang i å busetje dei, seier ho til NRK.

LES OGSÅ: Asylbarna med ei alvorleg melding 

Varierande tilbod
FN er også bekymra for at tenestetilbodet som barn får, varierer frå kommune til kommune, strekar Redd Barna under i sin rapport.

FNs barnekomité har ifølgje Redd Barna tilrådd auka bruk av forpliktande nasjonale standardar som kommunane må følge, og større grad av øyremerking av budsjettmiddel.

Når regjeringa no har varsla ein kommunereform, er det ifølgje Redd Barna usikkert korleis det vil slå ut.

– Men det er viktig at omsynet til barna blir tatt vare på i denne prosessen. Regjeringa må tenkje på barns beste, seier Skybak.

Horne seier regjeringa tar fleire grep for å styrke rettane til barn.

– Vi styrkar familievernet med 15 millionar kroner neste år. Det er ei historisk satsing. Vi styrkar helsevesenet med 300 millionar kroner på to år, og ikkje minst styrkar vi kompetansen til kommunetilsette på å snakke med barn.

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse 

Aukande fattigdom
Redd Barna viser også til at talet på barn som lever i fattigdom, har vore aukande i Noreg dei siste åra. Situasjonen for desse er eit spørsmål som FNs barnekomité fleire gonger har tatt opp med Noreg.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) har delen barn som lever i låginntektsfamiliar, auka frå 5 til 8 prosent i perioden frå 2002 til 2012. Låg inntekt er då definert som ei inntekt under 60 prosent av medianen.

Fattigdom blant barn er likevel mindre utbreitt i Noreg enn i mange andre land.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE