Susanne Egset vert provosert av kvinner som som har det for godt til å skjøne kva feminismen skal vere godt for.

Susanne Myklebust Egset, bloggar og journalist
Susanne Myklebust Egset, bloggar og journalist

Innlegget var først publisert på bloggen Susmumrik og i magasinet Fett.

Ei flodbølgje av antifeminisme basert på feiloppfatningar, fordommar og dumskap skyller over oss, og den tek mange former. Frå kunnskapsløysas avgrunn flyt Women Against Feminism opp i lyset for å demonstrere sin egoisme.

I ei gruppe på Facebook, vår tids demonstrasjonsarena, har ein gjeng unge amerikanske kvinner gått til digital aksjon fordi dei vil kome feminismen til livs.

LES OGSÅ: Feminist,  ja visst!

Ja – du las rett. Kvinner som er mot kvinners rettigheiter og som forkastar alt feminismen har jobba for, fordi dei har det for godt til å skjøne kva feminismen skal vere godt for. Eg kjenner eg blir provosert til å bruke hard skyts når eg skal skrive om dette her (Aargh, sint feminist, å nei, eg er ein klisjé!).

Women Against Feminism ein ynkeleg parade av dumskap og egoisme, manifestert i sjølvis av unge kvinner med handskrivne lappar som forklarar at feminismen er ei ond, stygg heks som vil knuse menn, også sine eigne kjæraster og fedrar, og redusere kvinner til offer.

Og eit par som påstår at feministar meiner sexarbeidarar fortener å bli valdtekne, at kvinneleg fruktbarheit er ein sjukdom, at: feminisme er berre ein trend, eg likar å vere feminin og det er ingenting gale med det så føkk feminisme.

Drit i ordboka liksom. Her lagar vi våre eigne definisjonar.

«I don´t need feminism becaue  it´s just another trend (..) I love my husband and not all men are the same (…) I believe in equality, not women superiority.» 

Sidan det ikkje er slik at feminisme er ein konspirasjon for å utrydde menn og ta frå kvinner borna deira og viske ut biologiske forskjellar mellom kjønna og systematisk knuse sjølvtillita til pene jenter (ja, dette blir påstått på womenagainstfeminism.tumblr.com), kunne det freista å påstå at det desse kvinnene eigentleg argumenterer mot, ikkje eigentleg har noko med feminisme å gjere.

Men mellom dumskapen, generaliseringa og uvitenheita er det sjøvsagt nokre gode poeng inni der – eller, rettare sagt, det hadde vore gode poeng dersom ein bytta ut «eg treng ikkje feminisme fordi» med «eg er takknemleg overfor feminismen fordi».

LES OGSÅ: Jævla feministhore

«I don´t need feminism. I refuse to allow my gender defy who I am. I refuse to allow others to tell me what I can and can´t do. (…) I love and respect myself. I don´t need feminism because my husband and I respect each other and I´m the breadwinner.»

Nokre av desse kvinnene med plakatar kan ha vore så uheldige å ha komt i prat med nokon som faktisk hatar menn, eller som vil ta borna deira, og gjort dette utvilsomt rystande møtet representativt for ei heil rørsle som har gjort mykje og framleis gjer mykje for likestilling. Det blir det same som å seie at alle muslimar er terroristar, at alle metal-musikarar er satanistar, at alle menn likar fotball og at ekte menn ikkje er i stand til å gråte. Du skjønar teikninga. Oppfatningar basert på fordommar skapt av ekstremistar.

«I don´t need feminism because I´m proof that I can have a successful career and be a loving, supporting wife and mother. I love to be in the kitchen!»

LES OGSÅ: No er dei lei sex-reklamar


Foto: Confused cats against feminism

Dersom du er ein av desse (i følgje Women Against Feminism veldig sjeldne) feministane med humor, kan vi anbefale den artige lille motreaksjonen Kattar mot feminisme, eller «Confused cats against feminism».

Feminisme er å jobbe for at kvinner over heile verda skal ha like rettigheiter som menn i samfunnet dei lev i, og å gi mannen lov til å vere noko anna enn ein kjønnsstereotypisk parodi på ein kuk konstruert av patriarkatet.

Det er ikkje feministane som hatar menn, det er patriarkatet som seier at menn er kontrollert av altomveltande dyriske instinkt som oppsluker dei når ein kvinnekropp er i nærleiken. Det er patriarkatet som seier at dette instinktet gjer at menn er ute av stand til å motstå trangen til å trakassere og overgripe, og at samfunnet berre må innfinne seg med at det er ei uforanderleg sanning.

At kvinner er skapt for å tie i forsamlingar, sjå pene ut for mannen sin, og føde born.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Det er takka vere feminismen at det ikkje lengre er slik mange stader i verda, men når blikket til moderne, priviligerte kvinner er vendt i kryss ned mot deira eigen nasetipp, og det til og med veks fram ein motstand mot feminismen ut frå nasebora deira, då viser det seg at faren er stor for at vinden kan snu.

Berre sjå til Norsk Luthersk Lekmannsmisjon som har bestemt at kvinner ikkje lengre skal ha stemmerett, og fleire kvinner som syns det er heilt greitt, dei har jo aldri gadda å bruke den uansett. Der har du privelegerte kvinner som seier dei stolar på mannen sin og meiner dei ikkje treng noko stemmerett, derfor fråtek dei andre kvinner som kanskje ikkje har dei same privelegiane den same retten. Egoistar.

Blant anna meiner fleire unge kvinner i Women Against Feminism-fenomenet at dei ikkje treng feminisme fordi dei likar at menn komplimenterer utsjånaden deira. Fordi dei likar å lage mat. Fordi dei meiner dei har nok rettigheiter og ikkje treng noko kamp.

Eg, feministen som IKKJE har lyst til å stele borna deira eller knuse ballane på mennene deira, oppfordar desse kvinnene til å ta imot velmeinande kompliment med stor takk, og gjerne komplimentere tilbake. Lag mat til både deg og familien med stor glede. Gjerne i forkle. Ta bilete og blogg om det.

Det er din rett. Men ikkje sei at du ikkje treng feminisme fordi du har det så godt med den fine kjærasten din og den flotte jobben din. Retten din til å bestemme over eige liv og eigen kropp (og å ha jobb!) er ikkje medfødd, den er hardt tilkjempa av tidlegare generasjonar. Dessutan er verda større enn din eigen nasetipp, og over heile verda kjempar kvinner – feministar – kvar dag for dei same rettane du har. Women against feminism er egoistar.

«I don´t need feminism because I recognise that there are men´s rights issues as well as womens´! And we need to stop ignoring them. // I don´t need feminism because if a man thinks I´m pretty, he´s not an animal, and I´m not offended. »

Og ja, ein av dei som ikkje treng feminisme (av kvinnene, ikkje kattane) seier det er fordi «ikkje alle menn valdtek».  Då er vi over på eit anna og minst like logikk-elskande sosiale medium-fenomen.

LES OGSÅ: Tener mindre fordi dei er kvinner

#Notallmen er ein emneknagg som blei flittig brukt etter skyteepisoda i California i mai, der 22-åringen Elliot Rodger gjekk på drapstokt før han tok sitt eige liv. På førehand hadde han spelt inn ein video, og i den presenterer han sitt anti-feministiske manifest, og minner for så vidt om ein annan like moralsk forkvakla anti-feministisk manifestforfattar.

Men ikkje alle menn ville blitt massemordarar då, sjølvsagt! Kvifor seier eg det? Fordi det for mange sarte mannesjeler der ute er nødvendig med ei «ikkje alle menn er slik»-setning for at det ikkje skal verke som at ein meiner, vel, at alle menn er potensielle valdtektsmenn eller massemordarar.

Men for all del. Det er ikkje alle menn som meiner at ein alltid må understreke at det ikkje gjeld alle menn!

LES OGSÅ: Husmødrer på frammarsj

Eit vidare forsøk på å sette lys på fenomenet har vi fått i emneknaggen #yesallwomen, ein ironisk reaksjon på #notallmen som spelar på same fordommane andre vegen rundt. Moralen frå #yesallwomen er at sjølv om ikke alle menn diskriminerer kvinner, så erfarer alle kvinner ulike formar for kvinnediskriminering i løpet av livet.

Og om ein overfører nettopp den logikken til Women Against Feminism, så blir det klart at emneknaggen eigentlig burde heite: Priveleged women against what they think is feminism but really is a misconseption about what feminism really is. Men det vert kanskje litt for langt for #SoMe? Eg foreslår at det kan forkortast til #egoism.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE