Er dette årets beste bistandsvideo?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets beste video?

Tidlegare i år gjorde SOS-barnebyar stor suksess med kampanjen «SOS Mayday», ein innsamlingsaksjon for Syria. Eit skjult kamera følgjer 11 år gamle Johannes, som sit utan jakke og frys ute i den norske vinterkulda. Vil forbipasserande tilby jakka si?

LES OGSÅ: Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

Gyllen motivasjon
Videoen, som har over 15 millionar visningar, fekk mykje merksemd i både inn- og utland.

No er kampanjevideoen nominert til «Den gylne radiator»-prisen, som vert delt ut for andre gong i år under Rust Radiator Awards.

– Me vil at «Den gylne radiator» skal ha ein sterk motiverande effekt og framheve kreative filmar som me ynskjer andre skal sjå og etterleve i sitt kommunikasjonsarbeid, seier Jørn Wichne Pedersen, leder for Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), til NRK.no.

Med radiatorprisane vil dei setje fokus på kva haldningar bistandsorganisasjonane formidlar i kampanjevideoar, som skal samle inn pengar til gode føremål.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med stereotypiar

– Forenkla halvsanningar og stereotypiar
Medan «Den gylne radiator»-prisen løfter fram gode døme, viser «Den rustne radiatoren» korleis det ikkje skal gjerast.

– Det som kjenneteiknar dei nominerte til den rustne radiator, er at dei bruker forenkla halvsanningar og stereotypiar, og framstiller fattige menneskjer som apatiske ofre som treng hjelp frå oss rike velgjerarar. Det skaper ein distanse mellom «dei» og «oss», og medan dei vert framstilt som nærmast objekt, framstår me som heltane som må rydda opp. Det er en verkelegheitsskildring me ikkje kjenner oss att i det heile tatt, seier Pedersen til NRK.

LES OGSÅ: Treng lån, ikkje bistand

Ekte reaksjonar
Den internasjonale juryen – beståande av bistandsarbeidarar, aktivistar, akademikarar og journalistar med tilknyting til det afrikanske kontinentet –meiner videoen frå SOS-barnebyer set krigen i Syria inn i givarens kontekst, og bringer 'den andre' til noko dei kan forstå.

«Videoen nyttar noko folk er kjent med – kaldt vêr, og kva dei ville gjort om dei såg eit born i deira eige samfunn i ein slik tilstand – og viser ekte menneskjers reaksjonar til eit problem der dei fleste er villige til å hjelpe,» heiter det vidare i grunngjevinga.

Informasjonssjef i SOS-barnebyer, Synne Rønning, kan fortelje at den nominerte kampanjen gav 2,3 millionar kroner i inntekter på sms.

 – Me har fått veldig god respons på kampanjen 'guten som frys', og opplevde at bodskapen om situasjonen for barna i Syria verkeleg nådde fram. Difor er det veldig hyggeleg å bli nominert til denne prisen, skriv informasjonssjefen i ein epost til Framtida.no.

No vil SAIH ha hjelp frå publikum til å stemme fram årets verste og beste bistandsvideo. Prisane vert kunngjort 2. desember.

Her er dei nominerte til «Den gylne radiator»:

SOS-barnebyar sin film er sett 15 millionar gongar: 

Juryen meiner videoen frå Redd Barna Storbritannia bryt med rasestereotypiar om kven som lir. Filmen har 37 millionar visningar på Youtube. 

Oxfam syner landbruksutfordringar frå bakkenivå: 

Her er dei nominerte til «Den rustne radiator»:

Juryen meiner at videoen frå Concern Worldwide er direkte iscenesett, med sjokkerande bilete av born i høg oppløysing.

Juryen likar ikkje Redd Barna USA sitt forsøk på å få Facebook-likes og klikk ved å plassera sex og fattigdom saman:

Christian Children's Fund of Canada vann i fjor, og har tydlegvis ikkje lært:

«Rasisme er ikkje noko frå 200 år tilbake, det er noko som er veldig til stades i Sør-Afrika i dag. Det er interessant korleis denne vart produsert av eit av verdas største reklamebyrå, og korleis dei feila så fullstendig,» meiner juryen om filmen frå Feed A Child:

Faktaboks

SAIH

• Studentene og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond.

• Støttar over 40 organisasjonar i Latin-Amerika og sørlige Afrika

• Vert støtta økonomisk av over 160.000 norske studentar, som til saman gjev 8 millionar kroner årleg

• SAIH gjorde seg for alvor bemerka med kampanjevideoen «Radi-Aid», som er utgangspunktet for Radiator-prisane