Venstre, MDG og SV vil ha mindre bondefinansiert kjøtreklame.

NPK
NPK

Etter omsetnadslova betalar norske bønder ei avgift som finansierer reklame for produkta deira gjennom nettsider som Matprat.no og Opplysningskontoret for egg og kjøt. Produsentar av frukt og grønsaker betalar ikkje noko liknande avgift, og ifølgje Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) vart det reklamert tre gonger så mykje for kjøt som for frukt og grønt.

LES OGSÅ: Full miljøforvirring om raudt kjøt

Vil ta miljøomsyn
Sveinung Rotevatn (V) har, med støtte frå Miljøpartiet Dei Grøne og SV, fremja representantforslag i Stortinget om endring av lova.

– Me meiner at pengane bøndene betalar må brukast på ein måte som tek omsyn til miljøet og kosthaldsråda frå styresmaktene, seier Sveinung Rotevatn (V) til Nationen.

(©NPK)

Oppdatert: onsdag 6. desember 2017 13.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE