Matematikar: Derfor er alle hipsterar like

Skjegg, rutete flanellsskjorte, tatoveringar og sykkel med eitt gir: Ein fransk matematikar har laga ein modell som forklarar kvifor alle hipsterar ser så like ut.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Derfor er alle hipsterar like

Dei såkalla hipsterane – unge, trendbevisste middelklassefolk, ofte ikledd vintagekle, er framfor alt eit storbyfenomen med utspring i ein kultur som oppstod i amerikanske storbyar på 1990-talet, skriv nyheitsbyrået TT. Sjølv om hipsterane gjer sitt yttarste for å vere unike, er dei altså ekstremt lette å kjenne igjen.

LES OGSÅ: – Sykkelen er ein døropnar

«Hipstereffekten»
Korleis har det seg? Den matematiske hjerneforskar Jonathan Touboul ved Collège de France har utvikla ein statistisk modell for å forklare denne «hipstereffekten».

Grupper med individ som gjensidig påverkar kvarandre og som har som mål å skilje seg ut frå fleirtalet, kjem til slutt uansett til å sjå ut som dei andre med same mål, ifølgje Touboul.

Det er fordi dei ikkje har nok tid til å spå kva alle andre kjem til å gjere for å skilje seg ut. Hipsterar er altså for treige til å ta til seg nye trendar.

– Når hipsterar er for treige til å oppdage trendane, kjem dei til å fortsette å ta dei same vala, og derfor halde fram med å bli korrelerte, medan trendane deira over tid utviklar seg som ein periodisk funksjon, seier Touboul til nettstaden Mic.

Så lenge fleirtalet av befolkninga ikkje er hipsterar, kjem dei i stor grad samkøyrde hipsterane til å bevege seg i ei konstant retning påtvinga av val som følgjer hovudstrøyminga, ifølgje modellen. (©NPK)


Hipsterkritikk er utbreidd på Internett. Foto: Craigfinlay, Flickr Cc-commons