Når Fifi von Tassel spankulerer ut på scena med ei pisk i handa, strammar eg grepet om øla og synk så langt ned i den ukomfortable plaststolen eg berre kan.

«Velkomen til Fifis burleskskole», smiler Fifi von Tassel. Ho blafrar med halvmeterlange augevipper og klikkar roleg over scena på høge hælar. Pisken klaskar ho taktfast i handflata. «Den som klapper blir med meg på bakrommet etterpå», trugar ho, og ein herremann i publikum klappar håpefullt hendene saman. «You´re my kind of guy», kvitrar verten.

Det er burleskshow på Chateu Neuf i Oslo, og artistane på scena har ingen intensjonar om å gøyme seg.

Kroppspositivistisk burleskdansar
«Når jeg gjør sånn» – Fifi tek silkehansken mellom tennene og dreg den roleg av handa – «hva gjør dere da?». Enkelte veit kva dei skal gjere, dei hoiar, ular og hyler. Andre gjer som meg, forsøker å gjere seg endå mindre, medan dei håpar at Fifi ikkje fekk med seg at dei klappa.

LES OGSÅ: Skrapar i overflata av norsk pop

Polkadottar. Hoftehaldarar. Korsett. Små puppar, store puppar. Miss Flora F. Ellatio, Miss Knock out Noire og Kiki Chérie. Dei ristar og smyg, bøyer og tøyer. Vi ler og hoiar, fniser og raudnar. Lenge før vi kjem til siste akt, slappar eg av i den trygge plaststolen min.

– Min bodskap er enkel: Ver nøgd med det du har fått utdelt, anten du er tynn, tjukk, lang, kort, funksjonsfrisk eller har ei funksjonsnedsetting. Folk er korkje for tynne eller for tjukke. Body-shaming er ein uting, uansett.

Det er dagen derpå. Carina Elisabeth Carlsen, aka Fifi von Tassel, er på sin vanlege jobb. 28-åringen, som for nokre år sidan hadde eit vanskeleg forhold til sin eigen kropp, hadde eteforstyrring og var deprimert, er veldig nøgd med sin debutkveld som burleskvert.

– Det var fantastisk, erklærer ho.

Puppar med ein bodskap
På Chateu Neuf kvelden før har rumpene rista og puppeduskane vifta. Glitteret har regna, og sveitte kroppar har bada i champagne. Ein italienar, ei flyvertinne, ein støvsugarselgar, Jessica Rabbit, og ein forsmådd elskar har i kvar sin tur drege strømpane av beina og løsna korsetta.

Varieteasen er satt saman for å gi uinnvidde eit slags kræsjkurs i burlesk. Showet er variert, men gangen i nummera kjenner vi fort att; alle endar dei med at dansaren ristar på puppeduskane til jubel frå publikum.

– Er burlesk noko anna enn stripping?

– Vi står på ei scene og kler av oss, og det er jo stripping. Samstundes er vanleg stripping veldig seksuelt, med mål om å kåte opp publikum. Vi spelar også på sex, og burlesk kan vere veldig sensuelt. Men vi er også humoristiske, uttrykket er meir kunstnerisk, vi vil motivere og provosere. Målet er ikkje at publikum skal gå heim og onanere medan dei tenkjer på oss, målet er å lære publikum noko, seier Carina.

– Burlesk skal vere morosamt. Ein skal sleppe seg laus. Problema skal ligge att ved døra, legg ho til.


Miss Knock out Noire frå USA har dansa i mellom anna Nederland og Sverige. Denne månaden var ho i Oslo. Foto: Hallgeir Nilsen 

Krigen mot kakene
Etter å ha introdusert burleskstjerner kvelden igjennom, er det til sist Fifi sjølv som står for finalen. Denne gongen entrar ho scena med eit brett med cupcakes.  Ho kastar nokre av kakene ut til publikum. Så tek ho sjølv ein jafs, medan ho trippar opp på ei badevekt. Smilet forduftar frå dei raude leppene. Fifi er for tung, seier vekta.

Men dansaren veit råd. Om ho berre tek av seg kjolen så vert nok vekta meir medgjerleg! Kjolen forsvinn og ho stig håpefullt opp att på vekta. Dommen er den same: kjolen er ikkje nok. Underskjørtet må også gå. Og korsettet. Til sist står Fifi i ei lita truse og to puppeduskar, med ein cupcake i munnen og ei badevekt som ikkje skaper problem. Smilet er tilbake.

Vinnaren
– Eg unnar ingen å ha det forholdet eg hadde til kroppen min. Dersom eg kan inspirere nokon til å akseptere seg sjølv, eller provosere nokon til å tenke, så er eg nøgd. I nummeret mitt er det karakteren som vinn, seier Carina.

Og det er ikkje berre kvinner Carina rettar seg til. Ho er like oppteken av kroppspress mot menn. Sjølv har ho ikkje fulgt ein tradisjonell veg frå dårleg sjølvbilete til å vere nøgd med eigen kropp. Den korte versjonen går slik:

– Det var ein gradvis prosess, som byrja med at eg var veldig lei av å ikkje vere glad og nøgd med meg sjølv. Eg bestemte meg for å utfordre meg sjølv, så eg tok til med stand-up og byrja på eit kurs i burleskdans.

Anten går det, eller så går det ikkje, tenkte ho.

– Til burleskkurset kom kvinner med alle sine problem, og vi opplevde å bli akseptert, akkurat slik vi var. I det miljøet lærte eg å syns at puppane og låra mine er fine, at det er bra med stor rumpe når du skal riste laus på scena. Der var kroppen min bra nok, utan atterhald.

LES OGSÅ: Er det nok no liksom?

Å stå på ei scene passar ikkje for alle, og er heller ikkje noko krav etter endt burleskkurs.

– Det gjer ein som ein vil med, men somme elskar jo rampelyset. Ein treng ikkje å kle av seg for å akseptere seg sjølv, men det handlar om å utfordre seg, meiner Carina, som på sikt planlegg å lage burleskkurs for til dømes rullestolbrukarar.

– Er det nokre negative sider ved burlesk?

– Bortsett frå at dette er ein veldig dyr hobby og at potensielle beilarar ofte vert litt skremt av det eg driv med, så nei. Å stå på scena er heilt fantastisk. Og dersom eg kan få éin person til å gå frå eit show og vere litt meir nøgd med seg sjølv, då er eg nøgd!

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp


Miss Knock out Noire blandar sensualitet, ironi og politikk på scena. Foto: Hallgeir Nilsen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE