Ingen stader i landet er folk så lenge sjukemelde som i agderfylka, viser ferske tal frå Nav. Ei sjukemelding på Sørlandet varer i gjennomsnitt elleve dagar lenger enn landsgjennomsnittet.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner det handlar om haldningar.

– Vi er kanskje litt slappe. Det handlar om haldningar, seier regiondirektør Siri Mathisen i NHO til NRK.

I Vest-Agder varer ei sjukemelding i snitt 48 dagar. I Aust Agder er talet 47,4. Landsgjennomsnittet er på 37 dagar, medan Oslo og Rogaland har kortast varigheit på sjukefråvær med 30,5 dagar.

LES OGSÅ: Fleire kan bli alvorleg sjuke av importert mat

Må gå i seg sjølve
Kommuneoverlege Dagfinn Haarr i Kristiansand er einig med NHO. Han trur ikkje folk på Sørlandet brukar lengre tid på å bli friske enn ein gjer elles i landet, og meiner mange må gå i seg sjølve.

– Dette må takast tak i på eit overordna nivå, frå Nav si side blant anna. Det dreier seg om å endre haldningar, både hos befolkninga og til ei viss grad hos legestanden, seier Haarr. (©NPK)

LES OGSÅ: «Ta deg saman, din latsabb!»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE