Om sjetteklassingar og dragar og sånn…

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjetteklassingar og dragar

Saka vart først publisert i Bladet Sunnhordland

 – Dragar er heilt klart veldig fascinerande, så det er ikkje vanskeleg å skjønna at borna kastar seg over fantasysjangeren, seier Eskeland.

LES OGSÅ: Samtidas trollmenn

Sjå inn i sjela
Måndag klypte ho snora, då utstillinga «Fantasi og fanteri» opna i Kunsthallen i Stord kulturhus. Her har sjetteklassingar frå seks Stord-skular jobba etter tematikken frå Lene Kaaberbøl si fantasybok, «Skammarens dotter». Det var dragar, i alle fargar og fasongar. Og så var auga sentrale, ettersom Dina, hovudkarakteren i boka, evnar å sjå inn i sjela på folk, når ho stirer dei inn i augo.

– Boka er kjempespennande. Me held på å lesa henne på skulen no, fortel Alva Saarnak Ottesen (11) frå Hystad skule entusiastisk.

LES OGSÅ: Fantasy-dronning til Falturiltu

Avslørt
Rundt seg hadde ho Stine Aasheim, Kjersti Espe, Maia Dreier, Ida Sunniva Framnes Vellesvik og Nils Odin Reichel – alle 11 år. Alle var samde om at dragar ikkje finst.

– I alle fall ikkje no. Men for lenge, lenge sidan, så kanskje, seier Stine.

– Går det an å sjå sjela på folk, inn gjennom augo då?

– Njaaaa. Læraren vår, Irene Fatland, kan i alle fall sjå på oss når me ikkje har gjort leksene, slår Nils Odin fast.

Då Sunnhordland stakk innom utstillinga, var det elevar frå Hystad skule og Leirvik skule som fekk sjå resultatet sitt på veggen. 

– Det har vore veldig kjekt å jobba med. Og i tillegg har me sloppe unna andre fag ein periode, seier jentegjengen.

Falturiltu2

Ei gammal Jif-flaske kan bli til fantastiske fabeldyr. Foto: Henrik Mundal Andreassen

LES OGSÅ: Gjev støtte til Nynorskbyen Førde

– Megakult
– Korleis er det å sjå den ferdige utstillinga?

– Megakult. Veldig gøy at andre folk kan koma ned og sjå kva me har laga, og ta på det, og sånn, seier Alva.

Sjå biletserie frå matteoperaen "Reknekatten" hos Sunnhordland

Lærarane Vibeke Brakstad og Ann Karin Ystevik har også kosa seg med prosjektet.

– Ungane har vore ivrige. Det er sjølvsagt kjekt å kunna fantasera litt, seier dei.

Hystad-elevane har også fått eit grunnkurs i rett og gale, gjennom arbeidet med Kaaberbøl si bok. Dei har skrive kvar sin skam, og lagt ved augo på veggen.

– Det kom opp alt frå drap til snustjuveri – som begge deler er gale på kvar sin ende av skalaen, smiler Brakstad.

LES OGSÅ: Meir humoristisk språklæring

– Flotte forfattarar
Ordførar Eskeland er stolt over at Stord har fått etablert ein eigen festival for nynorsk barnelitteratur.

– Festivalen har heilt klart fortent sin plass. Me har svært mange flotte barnebokforfattarar her lokalt, men diverre har det vist seg vanskeleg å nå ut med barnelitteratur på nynorsk. Men det er viktig å understreka at kvaliteten er vel så høg som litteraturen som er skriven på bokmål, seier ordføraren.

Ho appellerer til dei vaksne, for at nynorsklitteraturen får bein å gå på.

– Dei vaksne må vera bevisste på kva for litteratur dei siktar dei unge inn på, seier ho.

LES OGSÅ: Dialektreise med Prøysen i bagasjen