mm

– Det er eit for stort gap mellom den kunnskapen me har og den pedagogiske praksisen. Me har denne sanninga om: La barn vere barn. Men ein gjer ungane ei bjørneteneste og dei kan ende opp med å gå glipp av viktige sansestimuleringar, seier Heidi Aabrekk til Framtida.no.

LES OGSÅ:Førskulegutar har oftare språkvanskar

Nominert til Årets Gründer
Spesialpedagogen har utvikla Bravo-leken, som er språk og sansestimulering for barn i alderen 0-3 år. Målet er tidleg førebygging av lese- og skrivevanskar gjennom fysisk leik og sanseintrykk. Leik med bokstavar, ord og aktivitetar skal stimulere både språk og motorikk.

Med bedrifta Intempo er Heidi Aabrekk nominert til Årets Gründer i ei kåringa av Framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Bedrifta hennar har tel i dag tre tilsette og hovudkontor på Sandane.

I 2012 vart verksemda teken opp i FERD Sosiale Entreprenører, som støttar utvalde prosjekt der dei sosiale resultata er viktigast.

Intempo auka med 47 prosent i fjor og omset for om lag ein million i året, men er framleis avhengig av støtte.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Sonen Simen
Inspirasjonen til produktet fekk ho frå utanlandske fagmiljø som set hjerneutviklinga i fokus, då ho sjølv fekk ein hjerneskada son i 2004.

Prognosane for utviklinga til sonen Simen var dårlege. Etter eit år fekk dei høyre om eit treningsopplegg som fokuserte på ernæring, motorikk, sansestimulering, tryggleik og kognitiv utvikling. Det var denne treninga som gav Simen fantastisk utbytte – og mor inspirasjon.

–Simen var blind, men fekk synet tilbake via sansestimulering. Han lærte å lese då han var 2,5 år, og i dag kan han notar og komponerer musikk. Då eg såg kva denne treninga gjorde for Simen, tenkte eg at dette må fleire få vite, seier Aabrekk til Framtidsfylket.no

Ho forankra dei nye ideane i nyare norsk hjerneforsking og tradisjonell pedagogikk.

blaa

Heidi Aabrekk og ein i målgruppa nyttar Bravo-leken. Foto: Øystein Frøyland

LES OGSÅ: – Barnemeny burde ikkje vore lov

– Kan ikkje halde på slik
Ifølgje Aabrekk har ikkje den pedagogiske tradisjonen vore klar over kor stor utviklinga har vore i aldersgruppa opp til tre år. No har norske hjerneforskarar gjeve dei som jobbar med denne gruppa eit nytt mandat. Der det tidlegare har handla om å la barn utvikle seg i sitt eige tempo, kan dei no leggje til rette for det, lenge før borna byrjar på skulen.

– Tjue prosent av alle barn har lese- og skrivevanskar, som gjerne ikkje vert oppdaga før i fjerde-femteklasse. Det er aldri for seint å læra, men fokuset i Noreg har vore på å handtere lese- og skrivevanskar framfor å førebyggje dei. Me kan ikkje halde på slik, konkluderer Aabrekk, og slår fast:

– Eittåringane er nøkkelen. Med førebygging kan me aldri vete kven som har behov for det, men alle barn kan ha nytte av det. Det er ei investering i barnas framtid.

LES OGSÅ: Lærte å lese og skrive i 6.klasse

Nordisk satsing
Kring 200 norske barnehagar har teke i bruk Bravo-leken, og i desse dagar arbeider selskapet Intempo med å lansere produktet på den danske marknaden. I tillegg er det pedagogiske leikeverktyet er òg omsett til tre samiske språk.

Oppsedinga av 0-3-åringane bør vere eit tett og godt samarbeid mellom foreldre, barnehage og helsestasjon, meiner spesialpedagogen, som vonar at læreopplegget hennar òg vert teken i bruk av foreldre som er heime i permisjon med borna.

Aabrekk meiner dessutan at assistentar som arbeider i barnehage har ei unik moglegheit til å bidra til barns hjerneutvikling, og pensum for barnehageassistentar vidaregåande difor i stor grad burde handla om hjernen og moglegheitene som ligg der.

–Forsking viser at nettverket i hjernen vert forma dei første to-tre leveåra. Jo, fleire sanseinntrykk borna har fått som små, jo betre utvikla er områda i hjernen 20 år etter, avsluttar ho.

Sjå Framtidsfylket sin presentasjon av Heidi Aabrekk her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE