Nynorsk på 1-2-3.

Anne Gry Eilertsen, Vikebladet
Anne Gry Eilertsen, Vikebladet

Etter mange førespurnader kjem det populære heftet Nynorsk på 1-2-3 no i ny og utvida utgåve. Nynorsk på 1-2-3 er eit gratis nynorskkurs i teikneserieform.

– Når me les nynorsktekstane til elevar og andre, ser me at det stort sett er nokre få feil som går att. Tanken bak Nynorsk på 1-2-3 er å nytte humor og visualisering for å hjelpe folk å styre unna desse vanlege nynorskfeila, fortel eiksundaren Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

LES OGSÅ: Nynorskkurs med Facebook-suksess

Saman med kollega Ingrid Slettevoll er det han som står for manuset til teikneserien, medan Kristoffer S. Mathisen står for teikningane.

– Me fekk særs god respons på den førre utgåva me laga, og mange spurde om ikkje me skulle lage endå meir. Me har difor pønska ut nokre nye striper. Responsen på nett har vore overveldande etter at me publiserte den fyrste nye stripa på Facebook i går kveld, avsluttar Arild Torvund Olsen. 

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE