Difor bør du handla lokalt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er det statlege Merkur-programmet som står bak kampanjen, som etter planen skal verta årviss. I fjor deltok 160 butikkar i ein tilsvarande kampanje, med slagordet «Hugs å handla heime».

Joker Årbakka, Joker Flakkavåg og Bruntveit Handel på Reksteren er dei tre lokale butikkane som deltek.

Lene Bergesen Kleppe på Bruntveit Handel oppfordrar folk til å tenkja på kor viktig det er å handla lokalt.

– Me set pris på alle kundar som handlar fast på butikken. Og så prøver me å gje eit hint til dei som kunne handla meir, seier Kleppe.

Kleppe er dagleg leiar på butikken på Reksteren saman med Anne Karin Bruntveit.

På aksjonsdagen på laurdag har dei invitert ordføraren til Reksteren for å delta på «Handle lokalt»-markeringa. På dagen vert det og markering med tilbod på utvalde varer, og servering av kaffi, kaker, vaflar og is.

På Bruntveit Handel har drifta gått nokolunde i null dei siste åra.

– Utfordringa vår er at det ikkje kjem så mange nye tilflyttarar til Reksteren samstundes om ein del av dei eldre kundane har falle frå med åra, seier Kleppe.

Bruntveit Handel AS hadde i 2013 ein omsetnad på 3,2 millionar kroner eks. mva.

Andre butikkar i nærområda til Tysnes som deltek i den landsdekkande kampanjen er Joker Revnestranden og Joker Sævareid i Fusa og Ølve Mat.

Les saka i tysnesbladet.no!